Hopp til innhold

Katolikkane vil til fylket

Den fyrste katolske presten til Sogn og Fjordane.

Krusifiks
Foto: Gorm Kallestad, Kallestad, Gorm / Scanpix

Sogn og Fjordane er det einaste fylket i landet som framleis ikkje har ei katolsk kyrkje, men no kan fyrste steget vere teke.

Oslo Katolske Bispedøme har kjøpt seg hus i Førde og vil tilsetje ein polsktalande prest som kan betjene dei mange polske arbeidarane som i dag må heilt til Bergen for å finne ei kyrkje.

- Håpar det kan bli ei kyrkje

Pater Pål Bratbak i Oslo Katolske Bispedøme seier det er trist at Sogn og Fjordane er det einaste fylket i landet der kyrkja ikkje er etablert. Han seier dei også etterkvart håpar å få til ei ordning også for dei som ikkje er polsktalande.

- Dette er kanskje eit steg i retning av å få etablert ei kyrkje, det er jo litt trist av vi ikkje er etablerte i Sogn og Fjordane.