Hopp til innhold

Takkar Gud for at bilfødsel gjekk bra

NAUSTDAL (NRK): Medan pressriene stod på som verst, sat ekteparet Baunedal og bad til Gud om å rekke fram til sjukehuset i tide. Men veslejenta hadde ikkje tid til å vente.

Fødsel i bil

FØDSEL: Her er akkurat fødselen over og mamma Inger Elisabeth har veslejenta trygt på brystet.

Foto: Privat

– Eg sat og snakka i telefon med fødeavdelinga og prøvde å forklare vegen til der vi var, då fødselen var over, seier den lukkelege trebarnsmora Inger Elisabeth Baunedal.

Sminke og karbonadar før fødsel

Den vesle jenta ligg trygt plassert på fanget til mamma i sofaen heime på Hella i Naustdal. Roleg, med berre nokre få klynk no og då sovnar ho til den dramatiske historia om korleis ho kom til verda i ekspressfart.

Natt til tysdag vakna Inger Elisabeth heime i senga si og kjende rier. Men vart korkje stressa eller uroa, og vart liggande.

– Men etter kvart forstod at eg fødselen var nær. Eg hadde tenkt å dusje og sminke meg før eg gjorde noko anna for å vere fin på bileta, men mannen min meinte at det kanskje var ein god ide å ringe sjukehuset først.

Fødsel i bil

I RAKETTFART: Ho var 3650 og 50 cm lang då ho kom til verda i hastefart tysdag morgon på ein parkeringsplass i Førde sentrum.

Foto: privat

På Førde sentralsjukehuset gjorde dei seg klare til å ta imot familien. For Inger Elisabeth fortalde at dei to andre fødslane ho har hatt har vore raske.

Dermed fekk dei også beskjed om å begynne å bevege på seg.

– Men eg hadde ikkje hast. Så eg bad mannen min om å ta opp heimelaga karbonadar til middagsmat til ungane neste dag, ler ho og ser bort på mannen Stig Baunedal.

Pressrie i tunnel

Etter kvart kom dei to seg i bilen og starta på den 30-minutt lange turen til sjukehuset.

Og då forstod eg at fødselen verkeleg var i gang. For det var full aktivitet i magen.

Medan mannen køyrde det han var god for innover langs Førdefjorden, var ho nok ein gong på telefon med sjukehuset.

– Eg forklarte situasjonen og bad dei vere klare i akuttmottaket til vi kom.

Riene vart hardare og hardare jo kortare vegen til sjukehuset vart.

– Så vi byrja å be til Gud om at vi måtte rekke fram før babyen var ute. Vi er begge religiøse og bad om at vi måtte klare dette, seier den nybakte mora.

Pappa Stig, søstera Lisa og storebror Kristian saman med mamma Inger Elisabeth med vesla

FAMILIELUKKE: Heile familien samla på sjukehuset. Pappa Stig, søstera Lisa og storebror Kristian saman med mamma Inger Elisabeth med vesla.

Foto: Privat

Men så, i den siste tunnelen før Førde sentrum kom den første pressria. Og den fødande mora var på telefonen igjen med sjukehuset og bad dei sende ein ambulanse. Mannen Stig hadde meir enn nok med å halde fokus på å finne ein stad å stoppe.

Det var flaks at vi var komne såpass nærme sjukehuset. Hadde det starta ti minutt før hadde det vi måtte stoppe langs smale vegar, seier han.

Snakka i telefonen då hovudet var ute

Valet fall på parkeringsplassen utanfor JobbPartner i Førde sentrum, om lag fire kilometer frå sentralsjukehuset. Og då var det slett ingen tid å miste.

– Eg var framleis på telefonen med AMK for å forklare kvar vi var og kvar ambulansen skulle møte oss då hovudet var på veg ut.

Stig stoppa bilen, sprang rundt og opna passasjerdøra. Og der såg han nesten heile hovudet.

– Han sa press til meg, og eg pressa og plutseleg så var ho ute, seier Inger Elisabeth.

Og der midt i førdenatta, kom den vesle jenta til verda fem på halv sju tysdag morgon.

– Ho vart født med pappa som jordfar. Det var den beste til å ta imot ho, smiler ho og får smil tilbake av den stolte jordfaren.

Men sidan det heile skjedde så fort, var ho framleis på telefon med sjukehuset då babyen kom ut.

– Det tok litt av fokuset for eg var så oppteken med å forklare til dei, og det heile skjedde så fort, ler ho.

Fødsel i bil

KVITT PÅ ROSA: Det var stor glede då dei oppdaga at det var ei jente som kom til verda tysdag. – Vi trudde heile tida vi skulle få ein gut, seier far Stig.

Foto: privat

Køyrde sjølve til mottaket – fann ikkje vegen

Og dei nybakte foreldra var ikkje verre på det, enn at dei sjølve køyrde til sjukehuset. Med den vesle jenta pakka inn i mamma skjerf og eit pledd.

– Men då vi kom fann vi ikkje vegen med det første. Vi såg ingen folk og prøvde å følgje skilta. Men vi var komne til ambulansestasjonen og heldigvis kom det ut ein kar som hjelpte oss med å finne akuttmottaket, ler ho.

Så bar det rett opp på fødeavdelinga, og navlestrengen vart sjølvsagt kutta av den einaste rette.

– Det var eg som fekk klippe navlestrengen, fortel ein stolt pappa Stig.

– Og då fann vi også ut at det var ei jente som var komen. Vi trudde vi skulle få ein gut vi.

Mamma Inger Elisabeth er takksam over at det gjekk bra.

– Eg hadde i forkant bede til Gud om å få ein kort, smertefri fødsel. Dei to andre fødslane mine har vore svært smertefulle. Men denne gongen gjekk det så fint. Eg føler eg har fått bønnesvar.

-Var du like roleg under heile bilturen?

– Eg var usikker på kva eg kunne vente meg. Sidan eg hadde bede om få ein enkel fødsel visste eg ikkje heilt kva som kom til å skje. Men eg vart verkeleg høyrt, seier ho.

Fødsel på parkeringsplass

HIT, MEN IKKJE LENGER: Her måtte dei stoppe då veslejenta ikkje hadde tid til å vente. Familiebilen fungerte godt som fødestove.

Foto: Privat

No er den vesle jenta trygt heime hos mamma og pappa og dei to storesøskena Lisa og Kristian, og det er roleg stemning i stova på Helle utanfor Naustdal. Men opplevinga vil sitje i.

– Det var ei heilt spesiell oppleving. Og det var litt vel spennande, fortel pappa Stig.

Vi hadde ikkje tenkt på at vi kunne oppleve dette. Men jordmora i Naustdal har tidlegare teke det opp med oss og snakka om det, ler dei.

Men at det faktisk kunne skje, kjennest litt surrealistisk.

Takksam for bønnesvar

– Vi er takksame for at det gjekk så bra, og for meg var fødselen eit konkret bønnesvar sidan eg ikkje hadde smerter. Men det er litt rart og spesielt.

Etter at både mor og barn var sjekka på fødestova etter fødselen, ringde den nybakte pappen til sin eigen pappa.

– Det er litt morosamt, for faren min har vore ambulansesjåfør i mange år. Han har vore jordfar i bil før. Så eg måtte ringe heim og fortelje at eg også var ein del av den klubben. Eg held familietradisjonen i hevd, ler han.