Hopp til innhold

Svært uoversiktleg i Flora - duka for harde ordførarforhandlingar

Heile ni parti har noko dei skulle sagt om det politiske fleirtalet og den nye ordføraren i Flora kommune. Ap er størst og vil snakke med alle for å lande ordførarposisjonen.

Ola Teigen og Solveig Willis

JUBEL: Ap jubla i går, men må finne samarbeidspartnarar for å omsette det gode valresultatet i posisjonar.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Vallogo

– Vi skal gjere vårt beste i forhandlingane utover dagen. Eg er positiv og optimistisk. Vi skal snakke med alle, det sa vi før valet og det skal vi gjere. Før vi har gjort det veit vi ikkje kven vi skal samarbeide med, seier ordførarkandidat for Ap, Ola Teigen.

Dagen i dag går med til forhandlingar, før det blir partimøte i kveld. Teigen, som gjekk fram 2,4 prosentpoeng til 35,1 prosent, har 11 av 31 representantar i bystyret.

Ved førre val var det Venstre og KrF som gjekk saman med Høgre for å posisjonere Solheim-Olsen som ordførar. Men med stor tilbakegang for både Høgre og Venstre, som har varaordføraren i dag, er fleirtalet vekke. Partia har til saman 11 representantar – det same som Ap åleine.

Med eit enkelt mandat kvar for både SV, Sp, KRF, MDG og FRP, er det eit svært uoversiktleg bilete når partia skal forhandle om fleirtalet på 16 som trengst for å velje ordførar.

Opnar for samarbeid mellom Ap og Høgre

Teigen går så langt i lovnadane om at Ap skal snakke med alle, at han opnar for eit samarbeid mellom dei to største partia, på tvers av det tradisjonelle skilje mellom sosialistisk og borgarleg side.

– Eg snakka med Høgre seinast i går, og vi har ein avtale om at vi skal snakkast i dag. Forhåpentlegvis kan vi ha eit resultat frå alle samtalane i kveld, men det kan hende det blir tidleg, seier Teigen.

Sittande Høgre-ordførar Bengt Solheim-Olsen legg ikkje skjul på at han er skuffa over valresultatet – tilbake 14,4 prosentpoeng til 21,2, og ei nesten halvert bystyregruppe frå 13 til 7.

Bengt Solheim Olsen

NEDSLÅTT: Bengt Solheim-Olsen og partifelle Hanne Husebø Kristensen følgjer skuffa med på oppteljinga ifrå sofaen heime hjå ordføraren.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Er du open for eit samarbeid og breitt fleirtal med Ap, Solheim-Olsen?

– Det får bli litt opp til Arbeidarpartiet. Viss dei ønsker å skape eit endå større kaos enn vis har hatt, kan dei sikkert skrape saman fleirtal utan H, KrF og Venstre. Vi er klare til å forhandle om telefonen kjem. Men skal vi redde kommunen og Ap frå det eg ser på som ein uoversiktleg situasjon i det nye bystyret, skal vi ha gjennomslag for politiske saker og posisjonar, seier Solheim-Olsen (H)

– Er det duka for kaos, Ola Teigen?

– Eg trur vi skal lande situasjonen trygt. Det er fullt mogleg. Det finst tre moglegheiter. Eg trur vi skal lande ein av dei og få både eit matematisk og politisk fleirtal som kan styre godt over tid. Vi har alle eit ansvar for å sette ein sluttstrek for fireårsperioden som har vore, som har vore prega av litt støy og kaos, seier Teigen (Ap).

Jakob Nødseth

SMILANDE: Eit godt valresultat fekk fram smilet hjå Jakob Nødseth. No er målet nye smil etter å ha omsett resultatet til posisjonar i den nye leiinga i kommunen.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Samlingslista – kor står du?

Eit nøkkelparti for å danne det nye fleirtalet kan bli Jakob Nødseth og Samlingslista. Nødseth er mannen som måtte ut av Høgre, og som no har fått fem representantar for si nye liste, nesten like mange som Høgre mista.

Nødseth vil ikkje binde seg tysdag morgon.

– Vi ønsker ei ny samlande politisk leiing, og vi ønsker sjølvsagt å vere ein del av den. Vi er opptekne av eit samarbeid der vi får posisjonar til å gjennomføre mest mogleg av politikken vi har gått til val på. Det er styrande for kven vi vil ha eit forpliktande samarbeid med. Men vi ønsker eit bystyre der alle samarbeider om det viktige for Flora, og det håpar vi å bidra til, seier Nødseth.