Hopp til innhold

SV blir utfordra av Miljøpartiet Dei Grøne

– Miljøpartiet Dei Grøne er ein reell trussel for SV i kampen om veljarane i valet til hausten, meiner valforskarar.

Jakob Andre Sandal og Vibeke Johnsen

LISTETOPP: Jakob Andre Sandal er klar til valkamp mot Miljøpartiet Dei Grøne, og andre parti. Med seg har han fylkesleiar Vibeke Johnsen.

Foto: Bård Siem / NRK

Sosialistisk Venstreparti har fått ein ny og veksande motstandar. NRK fortalde i går at Miljøpartiet Dei Grøne veks. Berre i Sogn og Fjordane har dei gått frå eitt til åtte lokallag på få månader.

– Bør SV sjå på framveksten av Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) som ein reell trussel med omsyn til oppslutnaden ved valet til hausten?

– Ja, dette er absolutte ei reell utfordring for SV, seier professor Lars Svåsand ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Tek nye veljarar

Svåsand peikar på to grupper som er meir sannsynlege til å gå over til Dei Grøne.

– Den eine er dei som tidlegare røysta på SV, den andre gruppa er dei nye veljarane som kjem til ved kvart val. Nye veljarar har lettare for å gå til parti som Dei Grøne enn til andre parti, forklarar Svåsand.

Svåsand får støtte av valforskar Bernt Aardal, som meiner at også Venstre og Arbeidarpartiet risikerer å tape veljarar til Dei Grøne, men at partiet i hovudsak er eit trugsmål mot SV sin oppslutnad.

– Ved valet i 2013 såg vi at MPG tok veljarar særleg frå den raudgrøne sida, altså SV men også Arbeidarpartiet og Venstre. Det er spesielt veljarar med eit særleg sterkt miljøengasjement som vert tiltrekt av Miljøpartiet, seier Aardal.

Valgforsker Bernt Aardal

VALFORSKAR: Bernt Aardal meiner MDG kan ta veljarar både frå Arbeidarpartiet, Venstre og SV.

Foto: Morten Holm / NTB Scanpix

Aardal peikar på at det arbeidet Miljøpartiet no gjer med å bygge ein lokal organisasjon er ein føresetnad for å gjere det godt ved eit val.

– Oppslutnaden til Miljøpartiet har halde seg stabil og godt over valresultatet frå 2013, og i periodar har dei vore nær oppslutnaden til SV, seier Aardal.

Ikkje uroa over konkurranse

Jakob André Sandal er mannen som skal halde på, og helst trekke til seg nye SV-veljarar fram mot valdagen 14. september. Partiet sin toppkandidat til Fylkestinget vert ikkje uroa over konkurransen.

– Vi vil nok merke konkurransen frå Miljøpartiet Dei Grøne, men for oss er det positivt at det er eit parti som set klima og miljø på dagsorden som styrkar seg i fylket, seier Sandal.

Jobben vert å klare å skilje seg politisk frå andre parti.

– Vi må jobbe for å få fram vår politikk og heilskapen i politikken. Vi kombinerer både det raude og det grøne og jobbar for rettferdig fordeling, og skil oss såleis frå dei andre partia, seier Sandal.