Hopp til innhold

Stort jerveuttak har ført til færre sauetap

– Det er ein heilt klar samanheng mellom eit stort uttak av jerv i vår og ein sterk nedgang i sauetap denne beitesesongen, seier Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn.

Jerv felt i Sogn

SJU FELT: I år har det blitt felt sju jervar i Sogn og Fjordane. Det syner att på det låge tapstalet på sau, ifølgje Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Sauebøndene i Sogn, og særleg i Årdal, opplevde i fjor eit mareritt av ein beitesesong. Jerven tok hundrevis av lam frå tre saueeigarar i Naddvik i Årdal.

Dei omfattande tapa førte til at Statens naturoppsyn gjekk hardt til verks i vinter for å felle jervane. Totalt har det blitt teke ut sju jervar i år, seks av naturoppsynet og éin i Luster der det var gjeve skadefellingsløyve.

Stor nedgang i skader

Dette er over dobbelt så mange som i 2014, då det vart teke ut to eller tre jervar.

– I år har vi registrert atskilleg mindre enn vi gjorde i fjor, og vi har berre registrert skade i fjellområdet mellom Lærdal og Aurland, seier Rein-Arne Golf.

Så langt i år har Statens naturoppsyn fått dokumentert at 14 lam er blitt tekne av jerv. Dei har sett på mellom 90 og 100 sauekadaver over heile fylke, og då særleg i indre Sogn, men det er altså berre på 14 av desse ein kan slå fast at jerven står bak.

– Det er svært positivt for dei som har dyr på beite, seier Golf, som er godt nøgd med sesongen.

– Viser att på tapa i området

Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn

NØGD: Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Krevjande vêrtilhøve i starten av fellingsperioden gjorde oppdraget vanskeleg. Mykje vind og nedbør gjorde at dei ikkje fann spora til jerven.

– Det er vi heilt avhengige av for å kunne gjere eit skikkeleg arbeid. Men så fekk vi nokre periodar i slutten av snøsesongen og då var det teke ut sju jervar, seier Golf.

Viltforvaltaren meiner det er ein klar samanheng mellom fellinga i vinter og vår, og tapa av sau og lam i beitesesongen.

– Det varierer frå år til år kor mange vi klarar å ta ut, men når vi tek ut såpass mange som vi gjorde i år så viser det att på tapa i området.