Hopp til innhold

Store protestar etter ferjestopp: – Dette er ein heilt ny situasjon

Både lokale styresmakter og innbyggjarar er sterkt kritiske etter at Lote-Anda har vore stengd i fleire timar i dag. Grunnen er ikkje uvêr, men ei svak ferje, meiner dei.

Alfred Bjørlo (V) under fylkestinget i Førde 12. mai 2013.

PROTEST: Ordførarane i dei to kommunane ferja reiser mellom, Eid-ordførar Alfred Bjørlo (biletet) og Gloppen-ordførar Anders Ryssdal er sterkt kritiske til ferjebytet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi køyrer fleire gonger for dagen. Eg kan ikkje hugse at ferja har vore stengd sidan orkanen Dagmar, seier Kristen Vereide i selskapet Flyservice AS, som leverer til og frå Sandane lufthamn til heile Nordfjord.

Nyleg vart ferja MF Lifjord sett inn på sambandet mellom Anda ferjekai i Gloppen og Lote ferjekai i Eid kommune. MF Lote, som har trafikkert sambandet i fleire år, skal ut av sambandet. Lote har fire motorar og fleire propellar, medan Lifjord berre har to motorar. Her ligg problemet, meiner mange som har ringt til NRK i føremiddag.

– Blir ho stengd med slik vind som no, kan ho bli stengd veldig ofte. Går det ikkje an å køyre i slikt vêr blir det umogleg for oss å drive transport, seier Vereide.

– Veldig uheldig

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) er kritisk til ferjebyttet.

– Dette er ein heilt ny situasjon. Anda-Lote har vore eit samband som i alle år, omtrent uansett vêr, har vore stabilt. At det no blir stengingar ved det første normale vinteruvêret, er veldig uheldig på E39-sambandet, hovudåra nord-sør på Vestlandet, seier Bjørlo.

Vil ikkje gjere Fjord1 til syndebukk

Eid-ordføraren var i går i møte med Fjord1, saman med Gloppen-ordførar Anders Ryssdal (Sp).

– Eg ser no at Fjord1 får mykje kjeft på sosiale medier. Eg vil påpeike at Fjord1 har fått løyve til å gjere dette av Statens vegvesen. Dei har blitt pålagd å sette inn meir ferjekapasitet ein annan plass, har søkt vegvenenet om forflytting av materiell, og har fått grønt lys, seier Bjørlo.

Det er difor hjå Statens vegvesen ansvaret ligg, meiner han.

– Vegvesenet har gjeve grønt lys for å sette inn ei ferje på som truleg ikkje er eigna for vêrforholda, utan ein gong å ta dette opp til drøfting det med dei råka kommunane og næringslivet, seier ein frustrert Bjørlo.

Vegvesenet: – Vi forholder oss til kontrakten

Saman med ordførarkollega Ryssdal avgjorde Bjørlo allereie i går at dei skal be samferdsledepartementet om eit møte om saka. Både om strakstiltak, men og om krav om ferje med nok motorkraft og manøvreringsevne når det nye anbodet kjem.

Statens vegvesen svarar følgjande på kritikken.

– Vi forholder oss til kontrakten med Fjord1. Vi har ingen heimel i kontrakten for å tvinge dei til å ta ut Lifjord. Begge ferjene overoppfyller kontrakten. Lifjord har gått utan problem på Sognefjorden i ti år, og vi ser ingen grunn til å tru at Lifjord ikkje oppfyller krava på Anda-Lote. Skulle den ikkje det, må vi ta ei ny vurdering. Det er altfor tidleg å trekke bastante konklusjonar, vi bør gje det litt tid, seier Øyvind Haaland i Statens vegvesen.

Meiner Fjord1 er ansvarleg

Vereide i Flyservice vil likevel plassere ansvaret hjå Fjord1.

– Dei ansvarlege bør stillast til rette. Fjord1 opererer sambandet, dei køyrer over fjorden.

– Eg registrerer at veldig mange meiner noko i dag, og det forstår vi. No ligg Lote på verftet og ville uansett ikkje gått i dag. Lifjord ligg i kontrakten med Statens vegvesen, seier Tor Kristoffersen i Fjord1.