Hopp til innhold

Lote - Anda stengd grunna sterk vind

Ferjesambandet Lote – Anda, eit hovudsamband nord-sør langs E39 på Vestlandet, er stengd grunna sterk vind.

Ferja Lifjord til på Lote

TIL KAI: Ferja Lifjord ligg til kai på Lote i Eid kommune, etter ho ikkje greidde å legge til på Anda i Gloppen.

Foto: Øystein Torheim

Klokka 20.22 er sambandet framleis stengd, og har vore det sidan klokka 09.00

– Det må stilne i kaiområdet før ruta kan takast opp att, seier operativ leiar i Fjord1, Bjørn Arild Sekkenes, til NRK.

Fjord1 melde først at sambandet var stengd grunna uvêr. Meldinga er endra til «vanskelege vêrforhold». Statens vegvesen skreiv også først uvêr, men har endra det til sterk vind. Både innbyggjarar og lokale styremakter er sterkt kritiske til stenginga, og meiner eit ferjebyte er grunnen, ikkje vinden.

Kan ta timar

– På Anda ferjekai har dei sidevind med styrke på 50 knop, og greidde ikkje å manøvrere trygt inn til kai. Dei valde difor å returnere til Lote ferjekai i Eid. Om vi ikkje kan navigere trygt til kai, må vi stengje, seier Sekkenes i Fjord1.

Sambandet vart innstilt rundt klokka 09.00. Det ser ut som det kan ta ei stund før det opnar att.

– Kapteinen har vore i kontakt med vêrvarslinga, som melder om auka vind framover, så det vil kunne ta timar før sambandet blir opna att, seier Sekkenes.

Omkøyringar

Utvikfjellet, fylkesveg 60 om Stryn-Byrkjelo, er den raskaste omkøyringa for folk som skal nord-sør langs E39, melder Roger Nedberge Hille i Statens vegvesen.

– Der er snøslaps og snø på veg ganske langt ned over Utvikfjellet, men med vindkast. Men ganske greie forhold, og vegen er open, seier Nedberge Hille.

– Du kan og køyre Stårheim-Isane, som per no er open, seier Sekkenes i Fjord1.

NRK oppdaterer saka.