Hopp til innhold

Sterk sesongdebut

Øyvind Strømmen Kjerpeset, Florø Turn & Idrettsforening sesongdebuterte utandørs laurdag kveld norsk tid på eit stemne i USA. På 200 meter låg tida hans berre to 10-deler over bestenoteringa frå i fjor.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

STERK SESONGDEBUT: Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Øyvind leverer ein sterk sesongdebut, og så sterke tider så tidleg lovar godt for det som kjem seinare i sesongen. Det seier Narve Heggheim som er dagleg leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins.

Bestenoteringane til Strømmen Kjerpeset sist sesong var på 10,43 på 100 meter og 20.98 på 200 meter. Under stemnet i USA laurdag sprang Kjerpeset inn til tida 10,72 på 100 meter og på 200m seinare i stemnet sprang han inn på 21.20. Det helt til høvesvis 27. og 22. plass.

Narve Heggheim

IMPONERT OVER RESULTAT: Narve Heggheim, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

– Dette er jo ikkje hans favorittgreiner, det er jo 400 meter hekk. Dette var eit stemne med høg internasjonal deltaking, og når han allereie no ligg så nær persen sin på 200 meter som han no gjer, så lovar det godt.

For Strømmen Kjerpeset er målet i år EM i Zurich. Men før det sesongdebuterer han på favorittøvinga 400m hekk under Florø Friidrettsfestival 7. juni

– Kjenner eg Øyvind rett så jaktar han nok på å forbetre sin norske rekord på heimebane.