Hopp til innhold

No avsluttar han jubelsesongen

Hekkeløpar Øyvind Strømmen Kjerpeset (21) avrundar årets sesong med tysdagens norske rekord på 200 meter hekk.

Øyvind Strømmen KJerpeset

SOLID: Øyvind Strømmen Kjerpeset (t.h.) set punktum etter ein stor sesong på friidrettsbanen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Etter å ha sett sitt namn bak tre norske rekordar, har floraværingen levert ein sterk sesong på friidrettsbanen.

Øyvind Strømmen Kjerpeset har i tillegg sikra seg NM-gull, Kongepokal og sletta fem krinsrekordar.

– Det har gått betre enn vi venta oss. Spesielt på sprintsida. Det lovar ekstremt godt for førre sesong, vedgjekk 21-åringen onsdag.

Stiller ikkje i helga

Han vurderte å stille på startstreken på 200 meter flatt på Lillehammer til helga. Dette har han no slått ifrå seg.

– Det er liksom den 200 meteren eg føler eg ikkje har fått alt ut på i år, men så er det også greitt å spare litt til neste år også, sa Strømmen Kjerpeset som dermed kan byrje å sjå framover mot neste sesong.

Satsar hardare

– Du går jo inn med kjempemykje sjølvtillit, motivasjon og offensiv. At sesongen har gått så bra, viser at eg har gjort dei rette tinga og kan bygge vidare på dette, seier han.

21-åringen håpar også å kunne få på plass dei økonomiske bitane så han kan gå ned til halv progresjon på medisinstudia, for å satse så mykje som mogeleg på friidretten.