Hopp til innhold

Sommaren er ikkje heilt over...

Vaknar du opp til ein regnvåt start på søndagen? Fortvil ikkje. Meteorologen har godt nytt til dei som vil ha litt meir sommar.

Sommar og sol

SOMMAR OG SOL: Om det ikkje blir badetemperatur, så blir det iallfall litt meir sommar og sol i Sogn og Fjordane den komande veka.

Foto: Jan Christian Jerving

– Onsdag og torsdag ser eigentleg ganske lovande ut, og det kan bli ganske bra vêr dei to dagane, avslører statsmeteorolog Halldis Berge ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Og ei slik melding frå nok mange Sogn og Fjordingar til å smile. Etter ein heller dårleg sommar er det ikkje tvil om at både store og små vil ha mest mogleg sol før den kalde og mørke hausten kjem snikande.

Først meir regn ...

Men før sola kjem på onsdag må vil tole litt meir regn.

– Bygevêret som vi har no vil halde fram iallfall ut måndag. Tysdagen er litt meir usikker enno. Det kan hende ein går klar bygevêret i Sogn og Fjordane då det enno er litt uklart kor langt nord bygevêret går på tysdag, seier Berge.

SOMMER

IS I SOLA: Lengtar du etter å ete is i sola? Då kan du legge ein plan for onsdag og torsdag denne veka.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

I midten av august var fylket bada i sol i ein lengre periode. Fleire dagar var temperaturane over 25 grader mange stader.

Det kan nærme seg 20 grader

Onsdag og torsdag har vi bikka over i den første haustmånaden, og Berge kan ikkje love like varme dagar som vi hadde då.

– Men vi kan nok få ein 18–19 grader iallfall, så det blir ganske greie dagar, seier ho.

Desse to dagane er det meldt opphaldsvêr og sol både på kysten og i indre strok, der temperaturane på kysten vil vere litt lågare enn i innlandet. Mange vil nok krysse fingrane for at finvêret varar lenger enn to dagar.

– Det er litt usikkert når vi kjem fram mot neste helg, men fredagen kan også bli bra, er det einaste meteorologen kan fortelje no.