Hopp til innhold

Arbeidarpartiet havarerer i Årdal - ned over sju prosent

Arbeidarpartiet går tilbake med 7,5 prosent i Ap-bastionen Årdal. Tor Bremer som er andrekandidat seier oppslutnaden til partiet der har vore «unaturleg» høg, men innser at Høgre stel veljarar frå Ap.

Tor Bremer

TAPT: Tor Bremer må innsjå at Stortingsplassen ryk. Valresultatet viser at Arbeidarpartiet mister ein stortingsplass.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Arbeidarpartiet sin andrekandidat Tor Bremer tar utviklinga i Årdal med stoisk ro, og lar seg ikkje affisere av at partiet har tapt veljarar til Høgre etter at partiet går tilbake med 7,5 prosent i Årdal.

Unaturleg oppslutnad

– Årdal befestar seg som ein av dei beste kommunane for Arbeidarpartiet. Men vi har vore litt bortskjemde med over 70 prosent. Men det har vore naturlegvis litt «unaturleg» oppslutnad.

Partiet går tilbake med 7,5 prosent til 62,6 prosent. Høgre går fram like mykje.

– Det er nok dei nasjonale trendane som slår inn. Eg ser høgre går opp tilsvarande. Dei har slite seg opp i 12 prosent. Det er ikkje eit kanonresultat. Men dei har tatt nokre av våre veljarar.

(Saka held fram under biletet)

Skuffa AP

SKUFFA: Arbeidarpartiet stuper i Arbeidarparti-bastionen Årdal. Leiinga i partiet må innsjå at dei taper ein stortingsrepresentant.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Kvifor skulle arbeidarpartiveljarar gå til Høgre?

– Nei da, det er ikkje noko logisk forklaring. Men når partiet er så høgt som 70 prosent så er det nokre veljarar som er litt marginale. Dei lar seg freiste av nye parti.

– Ikkje kjekt

Valet i 2001 var partiet nede på 60,2. Men i 97 var dei over 70 prosent.

Kristin Maurstad som er tredjekandidat for Arbeidarpartiet er ikkje fornøgd med resultatet i Årdal.

– Årdal har eit godt resultat, for all del men dei går tilbake. Og det er ikkje kjekt at partiet går så mykje tilbake, seier Maurstad.