Hopp til innhold

Slik rafting har du neppe sett maken til...

Førde internasjonale folkemusikkfestival er i gang for fullt, og torsdag fekk publikum oppleve noko heilt utanom det vanlege.

Created by InfoDispatcher

HIV OG HOI: Slik rafting er det ikkje mange som har vore med på. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke

Seks raftingflåter skal flyte ned elva og kombinere rafting med shantysang. Shantykoret «Storm Weather Shanty Choir».

– Det er kanskje første gong det blir gjort i heile verda, at du kombinerer shanty med rafting, men det går sikkert bra det. Det er jo arbeidssongar, så det kan hende vi kjem oss fortare ned elva dersom vi syng litt, seier Håkon Vatle i Storm Weather Shanty Choir.

Hyllar arrangøren

Shantysongar var sjømennene sine arbeidssongar. Koret «Storm weather shanty choir» var blant dei som fekk lov til å kome tilbake til årets Førdefestival. Koret var her i fjor også.

– Det synest vi er heilt fantastisk kjekt. Vi er veldig glade for at folk vil ha oss tilbake. Det var utruleg kjekt sist gong vi spelte her. Då spelte vi på verftet på ein magisk konsert, seier Vatle.

Han er full av godord om Førdefestivalen.

– Førde må jo vere ekstremt stolte av festivalen. No kjem vi jo vi utanfrå, men Førdefestivalen har jo eit godt namn på seg utanfor Førde sine grenser. Over 25 år har dei bygd opp eit veldig godt rykte, så det er verd å gi all hyllest til arrangørane, seier Vatle.

Fengjande og gode å jobbe til

– Dette er folkemusikken til sjøs. Det er jo reine arbeidssongar. Det er veldig enkelt. Shantyane skulle vere fengande og gode å jobbe til, og då er det klart at dei fungerer godt til eit hyggeleg lag, seier Vatle.

Ei busslast med «groupiar» fekk også lov til å bli med på raftinga nedover Jølstra, og dei likte det dei fekk vere med på.

– Det var heilt fantastisk. Eg tek den ein gong til, på strak arm. Dette var heilt nydeleg, seier Trond Hauge, som var søkk gjennomvåt etter turen på Jølstra.

– Eg er våt heilt gjennom. Føtene er så våte at det surklar i beina. Men det var heilt fantastisk. Og shanty-songen var nydeleg. Bra saker, seier Hauge.