Hopp til innhold

Slik låg den drektige kolla og leid i timevis

– Lidingane kolla hadde til den vart avliva, er det ikkje tvil om, seier Erling Karstad i Eikefjord ettersøksring.

Påkøyrd kolle ved Storebru

PÅKØYRD: Med broten rygg låg kolla i timevis kloss inntil vegbana etter påkøyrsla ved Storebru. Både ho og kalven ho gjekk drektig med måtte bøte med livet.

Foto: Erling Karstad

Han snakkar om den drektige kolla som fredag måtte bøte med livet etter ei påkøyrsle ved Storebru i Flora.

I timevis låg kolla opp etter ein grusdunge. Tre-fire meter frå riksveg 5.

– Dyret hadde broten rygg og store skadar i bakre del, seier Erling Karstad.

Har ligge i timevis

Det var Karstad som rykte ut frå ettersøksringen for å avliva kolla. Kalven var tydeleg i live då mora vart avliva, men livet hans stod ikkje til å berge.

Det var forbipasserande, og ikkje bilføraren som køyrde på, som varsla. Truleg skjedde påkøyrsla tidleg om morgonen., då dei fleste hjortepåkøyrslane skjer.

– Vi fekk melding i 13-tida. I mellomtida har mange truleg køyrt forbi, som heller ikkje har meldt ifrå. Det er ikkje naturleg for eit friskt dyr å leggje seg ned så tett opp til vegen, seier Karstad.

– Meld ifrå

Etter hendinga oppmodar ettersøksringen på sine eigne nettsider om å melde frå om påkøyrde dyr. Karstad og leiar i ringen, Birger Solheim, seier dei årleg har tre-fire tilfelle med hjortepåkøyrslar som ikkje blir varsla.

– Men det er hendingar som blir fanga opp. Talet er nok langt høgare, seier Solheim.

– Hjorten spring ofte til skogs og lir der, og nokre bilførarar friskmelder dyra sjølve. I fjor hadde vi ein bukk som bilførar meinte var uskadd. Dyret fann vi i skogen med nedste del av foten hengande etter ei skinnfille, seier Karstad.

Straffbart

I fjor hadde ringen totalt 42 ettersøk knytt til påkøyrslar.

– Eg forstår ikkje kvifor ein ikkje kan melde ifrå. Det er ikkje straffbart å vere uheldig å køyre på eit dyr. Men det er straffbart å ikkje melde frå om det, seier Solheim.

Operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt meiner bilførarar generelt sett er flinke til å melde frå om påkøyrslar.

– Det er viktig å melde ifrå, seier han og viser til Vegtrafikklova § 12, «plikter ved trafikkuhell»:

«Kvar og ein som med eller utan skyld er blanda inn i trafikkuhell, skal straks stogge og hjelpe personar og dyr som er komne til skade, og elles delta i dei tiltak som uhellet gir grunn til.»

– Det gjeld også dei som køyrer forbi. Finn vi ut kven som har brote lova, så blir det anmeldt og reaksjon, seier han.

Unngå dyrelidingar

I vinter og vår har det vore svært mange hjortepåkøyrslar . Dette kan skuldast mykje snø og matmangel i høgda.

– Hjorten har vore veldig svolten den siste månaden, og har difor beita inntil vegbana der graset blir tidlegare grønt enn i skogen, seier Solheim og oppmodar bilistar på det sterkaste om å melde ifrå.

– Det er ein vinn-vinn-situasjon. Dyra slepp unødige lidingar ved at vi kjem raskare fram. Dessutan, melder du ikkje ifrå, så taper ein pengar eller bonuspoeng ved skade på bilen.