Hopp til innhold

Vart slått med knappast margin i kampen om 36 år gamle norske rekordar

Bjarne Huseklepp sine 36 år gamle norske rekordar er over i historiebøkene. Men den nye innehavaren vart ikkje førdianaren Marius Vedvik.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Både Marius Vedvik og Sondre Norstad Moen sprang under Bjarne Huseklepp sine rekordar. Men det er Moen som for framtida står bokført med dei norske rekordane. (FOTO/REDIGERING: Alf Vidar Snæland)

På timesløpet måtte han sjå seg slått med tre meter. På 20.000 meteren var skilnaden til Sondre Norstad Moen tre sekund.

Marius Vedvik

NØGD: Marius Vedvik får ikkje namnet sitt ved den nye rekorden, men var likevel nøgd med løpet.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Det er litt bittert, men samstundes så spring eg 940 meter lenger enn i fjor. Eg må berre ta med meg det positive, seier Vedvik til NRK.no etter løpet.

– Kjekt med nye namn

Laurdag gjorde sunnfjordingen sitt andre forsøk på å slå den gamle milslukaren Bjarne Huseklepp sine to rekordar frå 1978. Og det på same arena som Huseklepp sprang 19.278 meter på ein time.

Og brukte 1.02.18 på 20.000 meter. Etter dagens løp på Førde stadion, er begge rekordane sletta. Moen la bak seg 19.745 meter på ein time, og fullførte 20.000 meteren med tida 1.00.43,31.

– Det forundrar meg ikkje at dei slo rekorden, men det er berre kjekt med nye namn på listene, seier Bjarne Huseklepp når NRK.no fortel at dei to rekordane hans vart slått.

Reiste på fisketur

Sjølv hadde Huseklepp allereie gjort avtale om ein fisketur til Vardevatnet, då han vart kjend med rekordforsøket.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjarne Huseklepp og Marius Vedvik

GRATULERER: Bjarne Huseklepp (t.v.), her saman med Marius Vedvik frå sender sine gratulasjonar frå fjellet.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Det hadde vore utruleg artig å sprunge saman med dei. Då eg sette rekordane, så drog eg heilt åleine på ei dårleg bane. Men no er det slik at i idretten, så har du di tid, seier han og sender sine varmaste gratulasjonar både til Vedvik og Moen.

– Men eg hadde venta at rekordane ville ryke. Dei er to om det, dei er begge innstilte på å ta den, og kan hjelpe kvarandre, legg han til.

Bytta på å dra

Sondre Norstad Moen

REKORD: Sondre Norstad Moen er mannen som no har rekorden både på timesløp og 20.000 meter.

Foto: Alf Vidar Snæland

Og det var nettopp det Vedvik og Moen la opp til. Avtalen var å bytte på å dra, og den avtalen fungerte veldig bra.

– Eg er i bra form, kjende meg pigg og starta på ein langspurt, men då hadde eg ikkje sjanse til å halde følgje. Men det var eit bra løp. I dag var det ingen skam å tape, summerer opp Vedvik og er glad for den gode støtta duellantane fekk frå tribunen.

– Då det var eit minutt att, så var det berre å gje full gass. Han var i tet, men eg kunne ligge bak og justere farten. Eg kom forbi og då dei markerte timen, så hadde eg framleis 200 meter att til 20.000-rekorden. Då vart det litt kamp om timesrekorden, seier Moen.

Såg rekorden i 1995

Om det var bittert for Vedvik å springe under rekorden, men likevel ikkje få den, så var det dertil gledeleg for Moen å endeleg slå ein rekord han la merke til for 20 år sidan.

Då Vedvik fortalde om rekordforsøket tidlegare i år, vart freistinga stor for å vere med.

– Eg såg den vel i ei oversikt over norske rekordar i Guinness Rekordbok i 1995. Eg tykte timesløp høyrdest spesielt ut, og sidan har eg hatt den i bakhovudet ganske lenge. For nokre år sidan vurderte eg å be klubben min arrangere eit løp, men så skal det jo klaffe i høve til resten av sesongen også, seier han.