Hopp til innhold

EM-klare Marius (22) har forbetra tidene med nær to minuttar på to år

For to år sidan debuterte Marius Vedvik med 30:25:67 på 10.000 meter i København. I helga tok førdianaren A-kravet til EM med tida 28:48.

Marius Vedvik

STERKT: Marius Vedvik held fram med å presse ned tidene på 10.000 meter. Sidan i fjor har han pressa ned persen med 72 sekund.

Foto: Audun Braastad / NTB Scanpix

Berre sidan i fjor har Marius Vedvik forbetra 10.000 meter-tida med 72 sekund. I helga sette han ny personleg rekord då han sprang under A-kravet til EM i Zürich.

Då han tok B-kravet for tre veker sidan skjønte 22-åringen at det var mogleg å springe under A-kravet på 28:55.

– Det var godt å feie all tvil til side og få gjort dette. Med berre B-kravet måtte eg ha venta til 4. august for å få stadfesta deltakinga. Det er ni dagar før starten på 10.000 meteren 13. august, seier ein godt nøgd Vedvik.

Nær eitt minutt i året

Skrur ein tida fire år tilbake, sprang førdianaren sin aller første 10.000 meter på 37.21 under Rett Vest i Florø. Sidan er tidene pressa godt ned.

22. mai 2012 vart Vedvik klokka inn til 30:25.67 i sin aller første 10.000 meter på bane under nordisk i København. Siste halvanna året har 22-åringen kome seg under 29-talet.

– 1.40 på to år er eit stort sprang, men det største spranget er nok frå i fjor til i år. Sidan januar har eg auka mengda betrakteleg, og det har gjeve resultat. Tida er pressa ned med 72 sekund, seier han.

Heggheim imponert

– Det er imponerande. Marius har hatt ei veldig spesiell utvikling og har på kort tid auka treningsmengdene merkbart. Det er openbart at han har genar som toler mykje trening, seier Narve Heggheim, dagleg leiar i Norsk friidrett Sogn og Fjordane.

– Eg trur mange måtte ha tatt ein timeout med eit slikt opplegg, legg han til.

– Marius har sett seg mål, og gjer det som må til for å nå dei. Men med slike treningsmengder så balanserer ein på ein knivsegg med tanke på skader. Marius har vore både heldig og dyktig som har unngått skader, seier Heggheim.

– Ei suksesshistorie

Narve Heggheim

IMPONERT: – Det var eit toppløp no, men eg trur ikkje vi har sett det beste av Marius enno, seier Narve Heggheim.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

Fordelt på rundetider har Vedvik sprunge seg ned frå 1.16 til 1.12 på 400 meter.

– Rundetidene illustrerer veldig kor sterkt dette er. Kvar og ein kan prøve seg på ein 400 meter på desse tidene, og tenkje seg å gjere ytterlegare 23 rundar på same tida, seier Heggheim og ventar sterkare tider frå Vedvik i framtida.

– Han starta som utøvar for tre-fire år sidan. At han no er kvalifisert til EM er ei suksesshistorie som få kunne gjort, seier han.

Spring 180 km i veka

Vedvik seier han i fjor erfarte at han ikkje fekk framgangen han ynskte med låg treningsmengde.

– Så vi auka frå eit snitt på 130 kilometer i veka til 180 kilometer i veka. Medan eg tidlegare daffa på langturane for å få overskot til hardøktene, spring eg no fortare på langturar, får høgare puls og meir utbytte for kvar treningsøkt. I tillegg har eg endå meir fokus på søvn og kosthald. Det er ei totalpakke, forklarar han om framgangen.

– Kor langt ned er det realistisk å tru at du kjem i år?

– Eg føler eg har fått veldig mykje ut av året på 10.000 meter. Under 28:40 skal vere mogleg i år, og då snuser eg på ei topp ti-plassering i EM, seier han.

Trur på OL igjen

Løpet i helga skildrar han som perfekt frå start til mål.

– Med fem rundar att måtte eg sleppe tetgruppa, og med to rundar att var eg veldig køyrt. Samstundes visste eg at eg ville klare kravet om eg berre kom i mål. Syra kom 200 meter før mål, og då var det ikkje meir å hente, seier han og vedgår at han no har pussa støv av OL-draumen han dyssa ned før årets sesong.

– Det gjekk ikkje så fort frå 30:25 til 30 blank, men no har det gått veldig fort frå 30 blank til 28:48. Då føler eg Rio om to år plutseleg er meir realistisk. Då må eg ned på 28:05 for å ta kravet der. Det blir det neste store, seier Vedvik.

– Men då snakkar ein også ytterlegare 40 sekund?

– Ja, men heldigvis har eg to år på meg. Det er absolutt mogleg.

Prøver seg 5.000 meter

Medan Vedvik no kan bestille flybillettane til Zürich, ventar han med å pakke EM-bagen. I slutten av juni reiser han til Sverige for å klare EM-kravet på 5.000 meter.

A-kravet er 13:40, medan B-kravet er 13:50. I fjor sprang han 5.000 meter på 14:14.

B-kravet er ganske realistisk. A-kravet blir det nok verre med, men i helga runda eg 5.000 meteren på 14:18. Eg er i ein god del betre form i år enn i fjor, så A-kravet kan eg klare på ein veldig god dag, avsluttar han.