Hopp til innhold

Minst 80 lastebillass med kloakk blir sleppt ut i verdsarvfjordane kvar sommar

Ferjer og andre lokale turistbåtar tømmer kvar sommar store mengder kloakk ut i verdsarvfjordane Nærøyfjorden og Geirangerfjorden. No fryktar regjeringa for omdømet.

Ferjer og andre lokale turistbåtar tømmer store mengder kloakk i Nærøyfjorden. Den kjende fjorden i Aurland kommune står på Unesco si verdsarvliste. 
No fryktar Regjeringa for omdlmmet til turistmålet.

KLOAKK I FJORDEN: Litervis med kloakk blir kvar sommar tømt rett i verdsarvfjordane i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden. FOTO/REDIGERING: Steinar Lote/Johan Moen.

– Dette er som å skite i eige reir, seier Dee Cunningham.

Padlaren har levebrødet sitt i verdsarvområdet i Nærøyfjorden. Den kjende fjorden i Aurland kommune har fått plass på Unesco si verdsarvliste, og det unike landskapet lokkar kvart år tusenvis av turistar.

Men Cunningham trur mange turistar hadde fått sjokk om dei viste kva som skjulte seg i fjordane på Vestlandet.

– Dette er ganske flaut

For midt i den unike verdsarvfjorden kvittar turistbåtane seg med kloakken sin. Store mengder blir kvar sommar spylt rett ut i sjøen i Nærøyfjorden.

– I ei tid då vi har fått ein mann på månen må vi kunne greie finne ei anna løysing for dette, sukkar Cunningham.

Han viser kvar sommar rundt turistar på fjorden og seier dei blir forskrekka over praksisen med kloakkutslepp frå båtar.

– Når vi får besøk av folk frå andre plassar i verda er dei veldig fascinerte over at vi kan drikke frå bekkar og elver. Då er det ganske flaut å samtidig seie at vi slepp kloakk ut i fjordane. Det er noko som ikkje stemmer, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Quiz, februar 2019

IDYLLISK: Nærøyfjorden med sine stupbratte fjell og grøne lier er eit ynda turistmål for både norske og utanlandske turistar.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Minst 80 lastebillass kvar sommar

Ei kartlegging gjort for Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap viser at turistferjer og andre lokale båtar tømmer til saman minst 80 lastebillass med kloakk ut i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden i løpet av ein sommar.

Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap jobbar for å ta vare på statusen dei to fjordane har fått på verdsarvlista, og tala dei har henta inn frå transportbåtane gjer dei uroa.

– Vi synst ikkje dette er noko særleg. Dette er faktisk blant vore flottaste fjordområde, og område som blir trekt fram blant våre flottaste reisemål, seier Erling Oppheim.

Han er områdekoordinator i Sekretariatet for vestnorsk fjordlandskap i Nærøyfjorden.

Gjer ikkje noko ulovleg

Båtane som slepp ut kloakk i fjordane må loggføre dette, og Verdsarvrådet samla inn desse loggane over to sommarmånader. Tala viser at det vart sleppt ut nesten 400 kubikk med kloakk i kvar av dei to fjordane.

– Dei skit bokstavleg talt i eige reir, seier Oppheim.

Men problemet er at dei kan gjere dette med lova i ryggen. Per i dag er det slik at internasjonale cruiseskip ikkje får sleppe ut kloakk i fjordane, men ferjer og andre lokale turistbåtar har lov innanfor visse grenser.

Meiner reglane må endrast

Oppheim meiner noko heilt klart må gjerast for å få slutt på praksisen.

– Dei gjer for så vidt ikkje noko gale per i dag. Men det må skje noko.

– Enten gjennom endringar av regelverket, eller at ein kjem med krav gjennom konsesjonar eller andre verkemiddel, seier Oppheim.

Han legg ikkje skjul på at reaksjonane på utsleppa er negative.

– Folk opplever dette som ubehageleg og meiner dette ikkje står i forhold til dei kvalitetane som området har. Vi må vere komne lenger i 2014 i den forstand at vi kan ta hand om utsleppa på ein annan måte, seier Oppheim.

(Artikkelen held fram under)

Lars Andreas Lunde

KOMMUNANE: Statssekretær Lars Andreas Lunde viser til at kommunane sjølve kan skjerpe inn krava.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Regjeringa vil ikkje gripe inn

Men regjeringa vil førebels ikkje gripe inn. I staden ber dei kommunane stramme inn reglane.

For statssekretær Lars Andreas Lunde i Miljøverndepartementet vedgår at han er uroa.

– Eg fryktar at dette vil kunne svekke omdømet.

– Det vil til sjuande og sist råke kommunane, då mykje av inntektene frå turismen går nettopp til kommunane. Difor er det i deira interesse at fjordane har ein så høg miljøstandard som mogleg, seier Lunde (H) til NRK.no.

Han viser vidare til at kommunen har moglegheit til å stille strengare krav, og er glad problemstillinga no blir teken vidare til Fylkesmannen.

– Vi viser ikkje området respekt

I Aurland kommune vil dei vente på vurderinga frå Fylkesmannen før dei tek stilling til om dei skal skjerpe inn reglane.

Padlaren Dee Cunningham som har sitt levebrød på Nærøyfjorden håpar noko skjer, og det raskt.

– Ved å gje dette området status som verdsarvområde viser vi området veldig respekt. Men det synest eg ikkje vi gjer når vi slepp ut store mengder kloakk midtfjords …

Geiranger

TURISTMÅL: Geirangerfjorden er mykje besøkt, spesielt på sommaren.

Foto: Kleiven, Paul / NTB scanpix