Hopp til innhold

Verdsarvområda dårleg marknadsført

Turistnæringa i Sogn kunne gått langt betre om verdsarvområda vart marknadsført godt nok, det meiner reiselivssjef i Aurland og Lærdal, Noralv Distad.

Nærøyfjorden

Mangel på skilt, informasjon og produkt frå verdsarvområdet er noko av det som gjer turistnæringa utfordrande.

Foto: MereteHusmo Høidal / NRK

Mangel på skilt, informasjon og produkt frå verdsarvområdet er noko av det som gjer turistnæringa utfordrande.

Etterlyser skikkeleg oppfølging


– Trykket burde vere sterkare for å sikre ei tilfredsstillinde inntening, Distad.

Det er gått fem år sidan UNESCO kåra Geirangerfjorden og Nærøyfjord-området til verdast mest unike område. Men verdsarvstatusen kunne vore langt betre utnytta ifølge Distad.

– Vi hadde venta at ein skulle vere raskare ute med konkret produktoppfølging, blant anna skilting og informasjon.

Fem år på etterskot

I dag er det få skilt som fortel turistane kva område dei faktisk oppheld seg i. Skilta, som ideelt sett skulle vore kome opp for fem år sidan, kjem først opp neste månad. Fungerande regionvegsjef for region vest, Jan Tore Odd tar sjølvkritikk, men seier det tar tid å lage slike skilt.

– Vi innrømmer at vi er seint ute med denne skiltinga. Noko av årsaka er at vi skulle standardisere alle skilta for verdsarvområda, og slikt tek tid.

Høgare prioritet i framtida

I tillegg blir det etterlyst eigne suvenirar og informasjon frå området.
Marknadsansvarleg i Fjord1, som driftar ferjene, Gunn Åse Moldestad, seier dei ikkje har noko godt svar på kvifor informasjon og produktutviklinga ikkje har vore betre.

Moldestad forsikrar likevel at det skal ha høgare prioritering i framtida.

– Det er ikkje for seint, meiner Distad, som understrekar at statusen varar langt inn i framtida.