Hopp til innhold

No skal rettssakene komme raskare i mål

Fjordane tingrett og Sogn tingrett slår pjaltane saman. Rettssakene skal gå raskare.

Norges lover

MEIR EFFEKTIVITET: Med ein leiar i Sogn tingrett og Fjordane tingrett skal det frigjerast ressursar til raskare saksgang.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Domstoladministrasjonen har lenge arbeidd med tiltak for å betre utnyttinga av ressursane i domstolane. Difor har domstolsleiinga i Sogn tingrett og Fjordane tingrett føreslått å ha felles leiing for dei to domstolane.

– Endringa får ingen andre konsekvensar i første omgang enn at vi har eit halvt årsverk mindre ved Sogn tingrett, seier sorenskrivar i Sogn tingrett, Harald Hjermann.

Samarbeid med Fjordane

Han trur eit samarbeid vil lette på mykje av arbeidspresset domstolen har hatt dei siste åra. Leiar for Fjordane tingrett har tidlegare signalisert at han ønskjer ei nedlegging av Sogn tingrett.

– Presset på Sogn tingrett har dei siste åra vore stort, saksmengda har auka betrakteleg, og vi har knapt hatt kapasitet til å ta unna sakene, seier Hjermann.

Harald Hjermann

FÅR HJELP: Sorenskrivar Harald Hjermann trur Sogn tingrett vil komme styrka frå effektiviseringa.

Foto: Arve Uglum / NRK

Sorenskrivaren trur samarbeidet med Fjordane tingrett vil løyse mange av dagens utfordringar.

– Det som no vil skje er at vi i større grad vil få eit samarbeid med Fjordane tingrett, slik at vi får dommar- og sakshandsamar-ressursar frå Fjordane tingrett. Det trur eg vil vere bra for alle partar, seier Hjermann.

Dette legger til rette for at ressursene i stedet kan benyttes til domstolenes kjernevirksomhet; saksavviklingen.

Domstoladministrasjonen

Vil bli styrka

Sogn tingrett får med endringa ein reduksjonen frå 4 1/2 årsverk til fire. Men at dette skal likne ei nedbemanning av Sogn tingrett er han ikkje umiddelbart med på.

– Nei, det trur eg ikkje, men det er vanskeleg å seie. Realiteten er at vi vil få ei meir robust eining, for vi vil i større grad kunne gjere dei oppgåvene vi skal i samarbeid med Fjordane tingrett – mellom anna på fråvære. Då vil vi kunne få overført ressursar til Sogn tingrett, seier Hjermann.

Målet med samanslåinga er å frigjere ressursar frå leiarfunksjonane. Dette ønskjer domstolane å bruke til saksavviklinga.

– I praksis vil sakene framleis gå for Sogn tingrett, så ein vil ikkje måtte reise til Førde. Men det vil kunne bli behandla av dommarar frå Fjordane tingrett.

Domstoladministrasjonen har invitert til informasjonsmøte om etableringa av felles leiing for dei to tingrettane måndag 22. juni i Sogndal.