Hopp til innhold

Ho er skyttarprinsesse for andre gong

For andre gong kan Mona Isene skilte seg med tittelen skyttarprinsesse. Dermed er ho nok ein gong norges beste kvinnelege skyttar.

Mona Isene er skyttarprinsesse for andre gong

HYLLA: Her vert Mona Isene hylla av mor Åse og far Magnar Isene, etter at prinsessekrona var hennar til odel og eige. - Det er veldig artig at dei er med, seier skyttarprinsessa.

Foto: Jørn Njøs

Førde-jenta som skyt for Rennebu skyttarlag enda etter ti finaleskot i Kongelaget opp med 346 poeng. Det same gjorde ni andre, og om prinsessetittelen fekk Isene tøff konkurranse frå Stine Vågø i Nordre Skage skyttarlag, i omskytinga.

Med fleire innertiarar kunne Isene til slutt juble, for då var krona og prinsessetittelen hennar for andre gong.

– Då vart eg utruleg letta, for då eg fekk ein niar var eg heilt sikker på at det ikkje kom til å gå, seier Isene.

– Vanskeleg å finne ord

Ho hadde ikkje forventa å kome med på Kongelaget, og heller ikkje bli skyttarprinsesse. Dei siste åra har ho hatt lite fokus på skyting, ettersom ho er småbarnsmor til to gutar.

– Eg tenkte berre at alt saman er bonus, og eg konsentrerte meg om at det skulle vere artig. Eg ville tenke minst mogleg på kva som kunne skje. Det var så mange som var med, så eg måtte ha fullklaff og skyte ti gode skot om det skulle vere håp. Så det var berre å prøve å bevare roa, seier ho om finaleskytinga torsdag kveld.

– Kor stort er det å vere prinsesse?

– Eg veit ikkje om eg klarar å svare på det. Det er vanskeleg å finne ord. Det er veldig stort, og det er mange som er med og skyt for å prøve å få det til, og det er veldig mange som er gode, og så er det er jo kun det eine stevne du har som du må skyte sterkt på.

Vil satse meir på skytinga

Etter at sigeren var i boks kunne ho juble saman med familien. Foreldra, Åse og Magnar Isene var på plass for å følgje dottera. Dei to sønene var derimot heime, og Isene trur dei anar lite om kva som føregår.

Til no har dei vore hovudfokus for skyttaren, og det vil dei nok halde fram med å vere, men dagens bragd har gitt Isene motivasjon til å fokusere meir på skytinga framover.

– Eg er eigentleg veldig gira på å få til det, og eg tenkte eg skulle få det til i år, men så har det vore så mykje som har komme i vegen. Men til neste år kanskje.

– Vert det mindre kjekt å bli skyttarprinsesse andre gongen?

– Nei, det vert endå artigare. Det er jo endå færre som får det til to gonger.