Hopp til innhold

To norgesmeistrar i same familie

Søskena Ole Martin (20) og Karoline Erdal (15) frå Førde vart begge noregsmeistrar i skogsløp under årets landsskyttarstemne.

Ole Martin og Karoline Erdal

NOREGSMEISTRAR: Søskena gjorde det begge godt i NM i skogsløp under landsskyttarstemnet. Ole Martin (20) sprang inn til siger i klassen senior A og Karoline (15) til siger i klassen junior kvinner.

Foto: Jørn Njøs

Til saman fekk fjordfylket fire noregsmeistrar i konkurransen. Ole Martin Erdal vann i klassen senior A, Karoline Erdal i klassen junior kvinner, Torleiv Straume junior frå Hyen i klassen yngre junior og Vegard Eikevik frå Sogndal i rekruttklassen.

Størst var kanskje gleda i familien Erdal som kunne skilte med to NM-gull etter konkurransen.

– Det er moro å vise at familien gjer det godt, seier Ole Martin.

– På hengande håret

Han hadde tre tilleggsminutt frå start etter 27 av 30 treff på feltskytinga. Med ei løype på seks kilometer som tek litt over tjue minutt, var han usikker på sjansane sine.

– Eg var usikker på om det var mogleg å ta inn tre minutt på dei som leia. Men det gjekk overraskande bra til slutt. Det var ikkje så mykje om å gjere, femten sekund kanskje, så det var på hengande håret, seier han.

Torleiv jr. Straume

VANN: Torleiv Straume jr. vart noregsmeister i skogsløp i klassen yngre junior.

Foto: Jørn Njøs

Ole Martin vann også i fjor, men då i klassen eldre junior. Han fortel at han skaut mykje betre då enn i år. Dermed vart det siger, trass i dårlegare utgangspunkt i ein tøffare klasse. Då smakar siger ekstra godt.

– Det var ekstremt moro, det var det. Det såg tøft ut då eg kom halvveges. Då hadde eg berre teke att litt under halvparten, så då skjønte eg at eg måtte ta i skikkeleg, men det gjekk til slutt. Det er kjekt å kunne seie at ein er noregsmeister i seniorklassen også, og ikkje berre i juniorklassen, seier han.

Målet er å vinne skogsløp-NM

For veslesøster Karoline vart det også NM-gull, og sjølv om også ho har rykka opp i ein klasse over, frå rekrutt til junior kvinner, var det ikkje like tøff motstand der.

– Eg tok dei att før eg hadde runda første runde, så då var det eigentleg berre å fullføre. Dei fleste som skyt i min klasse er ikkje dei som trenar så mykje, det er vel meir skyting dei satsar på.

I klassen yngre junior får ein eit halvt minutt i tillegg for kvar bom under feltskytinga. Karoline hadde 28 treff, og starta dermed eit minutt bak fire andre på 30 og 29 treff.

– Eg har trent litt for det, så det er ikkje berre flaks. Eg trenar ein del springing, så det burde gå greitt sånn sett i forhold til kor mykje dei andre trenar, seier ho.

– Det kjekkaste er å vinne skogsløpet, det er målet mitt for kvart landsskyttarstemne, så får resten vere så som så.