Hopp til innhold

Skogbrann starta av anleggsarbeid

Skogbrannen i Njøsadalen på Leikanger i juni, starta under anleggsarbeid.

Brann Njøsadalen

SKOGBRANN: Arbeidet blei skildra som utfordrande, både med tanke på vind og det bratte terrenget i Njøsadalen.

Foto: NRK-tipsar

Det skriv Sogn Avis. Politibetjent Rita Skjeldestad ved Sogndal lensmannskontor seier at ein anleggsarbeidar har erkjent at han var årsaka til at brannen starta.

– No veit vi korleis brannen starta. Det var eit hendeleg uhell som skjedde under anleggsarbeid, seier ho.

Brannen starta 2. juni og alt tilgjengeleg brannmannskap i Leikanger og Sogndal samt Sivilforsvaret medverka i sløkkingsarbeidet. Arbeidet blei skildra som utfordrande, både med tanke på vind og det bratte terrenget.

Den nye kraftlina mellom Fardal og Ørskog går gjennom brannområdet og det blei jobba med eit mastefundament i området.

– Saka er ikkje ferdig behandla, men er sendt til ein jurist som avgjer kva som skal skje vidare, seier Skjeldestad til Sogn Avis.

Store styrkar kjempar for å få kontroll på skogbrannen ved Hermansverk i Leikanger.