Hopp til innhold

Skogbrann ute av kontroll i Leikanger

Brannvesenet har framleis ikkje kontroll på skogbrannen som herjar i Njøsadalen på Hermansverk. Alt tilgjengeleg mannskap er kalla ut. Mellom anna deltek to helikopter i arbeidet.

Skogbrannen er ute av kontroll ved Hermannsverk i Leikanger.

SJÅ VIDEO: Det brenn i skogen i Njøsadalen på Hermansverk. (FOTO: MAGNE OPTHUN/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Brannen har oppstått i Njøsadalen, rett nord for Hermansverk sentrum. Det brenn under ei av dei store kraftlinjene i området.

Skogbrann Njøsadalen

UTVIKLAR SEG: Skogbrannen i Leikanger er førebels ute av kontroll.

Foto: NRK-tipsar

– Det brenn godt. Vinden i området har ført til at dette spreier seg. Førebels har ein ikkje kontroll på brannen, seier Terje Brandsøy ved Alarmsentralen i Florø.

Alarmsentralen melder i 18-tida måndag at brannen er under kontroll.

Helikopter deltek i sløkkinga

Alt tilgjengeleg mannskap frå Leikanger kommune, samt mannskap frå Sogndal er ute. Også Sivilforsvaret, samt to helikopter frå Airlift er på staden.

– Det er no sendt inn vassbøtte til helikopter frå Airlift på Førde lufthamn. Dette skal vere på plass klokka 15, så då vil mannskapa også få støtte frå helikopter, seier Brandsøy.

Helikopteret var i gang med sløkkearbeidet i 15.30-tida.

Brann Njøsadalen

BRANN I TERRENGET: Det brenn i terrenget i Njøsadalen, brannen er førebels ute av kontroll.

Foto: NRK-tipsar

Sivilforsvaret opplyser i 16-tida at dei har 21 tenestepliktige i sving. Desse har med seg pumpe for å levere vatn frå elv, slange- og brannmateriell, samt ATV for å komme seg fram i det utfordrande terrenget.

– Det blir no jobba iherdig med å få kontroll på brannen. Det brenn førebels ikkje på eit veldig stort område, men ein fryktar at den kan spreie seg til eit større skogsområdet. Det er det ein no prøvar å forhindre, seier Brandsøy i 15.50-tida.

Koplar ut straumen

Brannen er like ved ein kraftleidning som forsyner Leikanger, Balestrand og Vik med straum.

Men eit nytt straumnett er under opparbeiding, og det blir no jobba for fullt få å kople denne inn, slik at brannen ikkje skal råke straumforsyninga.

– Vi jobbar no med å kople ut straumen etter oppmoding frå dei som er der og driv sløkkearbeidet. Statkraft vil hjelpe oss med å forsyne dei tre kommunane, så forhåpentlegvis skal dette gå bra, seier informasjonmedarbeidar i Sognekraft, Tor Yttri.

Bratt terreng

NRK-reporter Halvor Farsund Storevik fortel om stor røykutvikling og seier at det brenn godt i det bratte terrenget.

– Eg har nett komen opp til brannmannskapa sin base. Her står det 20-tals brannbilar, ambulansar, redningsbilar. Det meste av aktiveten føregår litt oppe i fjellsida her, seier han.

Ved Alarmsentralen i Florø seier Brandsøy at det er nokså bratt terreng, og at det er ein god del skog i området. Det brenn rett under høgspentlinjer.

Utfordrande arbeid

– Det er klart at med sterk vind så er det fare for at dette spreier seg. I bratt og ulendt terreng så er det å klare å ta seg fram samsundes som ein sløkkjer. Difor har ein bede om helikopter for å komme til over brannen.

Brandsøy seier at det i utgangspunktet ikkje skal vere fare for hus og busetnad i området. Han legg til at det har vore kontakt mellom brannvesenet sin skadestadsleiar og Sognekraft i området, slik at ein sikrar kraftlinjene.

– Vi kjenner ikkje årsaka til brannen, seier Brandsøy.

  • Veit du noko om dette, eller har bilete eller video? sf@nrk.no, til tipsportalen 03030 eller tlf 57 72 42 42
Skogbrann Njøsdalen

LETT SYNLEG: Skogbrannen i Njøsadalen er lett synleg frå Hermansverk.

Foto: Bjarte Løland