Hopp til innhold

Seks skattekontor kan ryke

Seks kommunar kan miste sine statlege skattekontor. Skatteetaten er på slankekur.

Skattekontor

STENGDE DØRER: Seks av Skatteetaten sine åtte kontor i Sogn og Fjordane kan bli flytta eller kutta.

Foto: Espen Sandmo, NRK

Det er snakk om å halvere talet skattekontor. Dei har aldri sagt det offentleg, men det er det vi fryktar. I dag er det 100 skattekontor i landet, og då blir det ikkje så mange igjen.

Bjørn Ove Hersdal

MANAR TIL KAMP: Leiar Bjørn Ove Hersdal i NTL Skatt Vest ber lokalpolitikarar kjempe for skattekontora sine.

Foto: Øyvind Nicolaysen / Skatt Vest

Det seier Bjørn Ove Hersdal, leiar i NTL Skatt Vest. Norsk tenestemannslag er den største fagforeininga i Skatteetaten med om lag 2800 medlemmer, 500 i region Vest.

Samtidig med at finansminister Siv Jensen (Frp) opna for å overføre skatteinnkrevjaren frå kommunane til staten, bad ho også Skatteetaten om "vurdere sin eigen kontorstruktur". Venstre og KrF lovar å stoppe skatteinnkrevjar-sentraliseringa i Stortinget. Men skattekontorkutta rullar vidare.

Leikanger og Førde er sikre. Alle dei andre kontora (i fylket) er dermed usikre. Det vil seie Florø, Nordfjordeid, Måløy, Årdal, Sogndal og Fjaler.

Kvifor er Førde og Leikanger trygge?

– I forslaget om å flytte skatteoppkrevjaren frå kommunane til staten, var det berre desse to kontora som vart nemnt som mottakar. Då kan vi gå ut ifrå at resten ikkje er tenkt å eksistere i framtida.

Skatteetaten vil ikkje la seg intervjue om saka. Senior kommunikasjonsrådgjevar Anette Bjerke skriv i ein epost til NRK:

– Vi ønskjer ikkje å stille til intervju om utgreiinga fordi det ikkje er noko vi kan opplyse om dette arbeidet før det er overlevert Finansdepartementet i mai. Prosessmessig er det ikkje anna å seie enn at arbeidet går føre seg i tett dialog med regionane og tilsetteorganisasjonane.

Utfordrar lokalpolitikarane

Hersdal og fagforeininga seier difor at lokalpolitikarane no må ta kampen.

Viss ingen presser på, vil vi heller ikkje oppnå noko.

– Vi er ikkje motstandarar av å bli meir effektive. Det kravet har vi hatt på oss i nesten 20 år. Men vi ser ei utarming av distrikta der det blir færre og færre på dei lokale skattekontora. Vi meiner folk skal få lov til å jobbe der dei bur.

Bengt Solheim Olsen

TEK KAMPEN: Ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) i Flora vil ikkje akseptere at skattekontoret i Florø forsvinn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) i Flora vil ta kampen.

Eg likar det dårleg. Dette føyer seg inn i rekkja av nyhende frå Oslo om meir robuste einingar og meir sentralisering. Eg meiner vi har mista nok statlege arbeidsplassar i min kommune, iallfall.

Kva tenkjer du om at det er di eiga regjering som står bak nok eit sentraliseringsforslag?

Det går føre seg ein storstilt sentraliseringsprosess i landet uavhengig av kven som i regjering. Eg likar det like dårleg, same kven som styrer.

– Vi skal handsame denne saka politisk, og eg reknar med vi kjem med ein klinkande klar høyringsuttale om at dette ikkje er vegen å gå, seier Flora-ordføraren.