– Det var kaldt, men ein veldig fin start. Han var blank og fin, kan ikkje ha vore mange dagar i elva, seier Håkon J. Huseklepp, som har delt sin første laks frå Flekkeelva med NRK på Instagram.
For sin eigen del, er Huseklepp allereie nøgd med årets sesong: Fisken på 6,6 kilo er akkurat den røykelaksen han ønskte seg. Til saman er det teke rundt 20 laks i Flekkeelva første natta, og det er Huseklepp strålande nøgd med.
– Det er veldig bra. Det er god vassføring i år. I fjor var det 4,5 kubikk i sekundet første dagen, i år har vi 24 kubikk.
Dersom du vil gjere som Huseklepp, og dele bilete med oss, kan du merke bileta dine på Instagram med #nrksf og dei vil hamne i kartet og galleriet lenger nede. Dersom fiske ikkje er di greie, håpar du vil dele andre fine opplevingar med oss.
Også i Eidselva har starten vore god, der to laksar på 13 og 16 kilo vart landa i morgontimane.
Du kan dele bileta dine med oss på fleire måtar.
- Instagram – merk bileta med emneknaggen #nrksf og ta gjerne med kvar biletet er teke. Då kjem du med på biletkartet vårt
- Send bilde som MMS med kodeord SF til 1987
- Send oss bilete via Facebook-sida vår
- Bruk epost sf@nrk.no