Hopp til innhold

Selde hyttetomter for 20 millionar på eitt døgn

På knapt eitt døgn vart det selt 23 hyttetomter til ein samla verdi av 20 millionar kroner i det nye hyttefeltet i Sogndalsdalen.

Styreleiar i Sognefjorden Utvikling Even Hegbom (t.v.) og Jomar Haukås

LEITAR ETTER DEI GLUPE: Styreleiar i Sognefjorden Utvikling Even Hegbom (t.v.) og Jomar Haukås karakteriserer tomtesalet som eit eventyr.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Og alle tomtene har vore av dei aller dyraste i prosjektet.

– Det har vore eit eventyr. Det siste døgnet har vi nærast sett noregsrekord i sal av hyttetomter, seier Jomar Haukås.

Han er mannen som saman med investorar frå fjellandsbyen i Myrkdalen på Voss har lansert planane om ei enorm hytteutbygging i Sogndalsdalen.

Sognefjorden Utvikling vil byggje 500 hytter, byggje ut Sogndal skisenter og lage gondolbane frå Hodlekve til Kambafjellet 1220 meter over havet.

Litt færre i Førde

23 hyttetomter i det nye hyttefeltet i Hodlekve i Sogndalsdalen gjekk unna det første døgeret etter at dei blei lagt ut for sal i Sogndal i helga. Litt tråare gjekk på salsmøtet i Førde måndag kveld.

Berre åtte møtte, ingen kontraktar blei skrivne sjølv om ein dei frammøtte Jan Nicolai Hvidsten så absolutt var interessert

– Eg har sett på dette prosjektet tidlegare og tykkjer det verkar spennande. Men det er alltid greitt å tenkje seg litt om før ein skriv kontrakt, seier Jan Nikolai Hvidsten.

– Så det blir ikkje teikna kontrakt i kveld.

– Nei, det blir det ikkje. Dessutan må eg nok diskutere det på heimebane først også, seier Hvidsten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Haukås og Hvidsten

VURDERER: Jan Nikolai Hvidsten (t.h.) er i tenkjeboksen og vurderer tomtekjøp. Til høgre Jomar Haukås.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Er imponert over interessa

Sjølv om det ikkje blei selt hyttetomter i Førde måndag styreleiar i Sognefjorden Utvikling, Even Hegbom godt nøgd.

– Eg er kjempeimponert over det vi opplevde i Sogndal i går. Eg er også kjempenøgd med at det kom så mange hit i Førde. Dette lovar skikkeleg godt, seier styreleiar i Sognefjorden Utvikling AS, Even Hegbom.

Hegbom driv investeringsselskapet Bergstrøm AS og er ein av mennene bak Voss Fjellandsby i Myrkdalen. Med seg har han også ei rekkje av investorane derifrå, mellom andre Petter Grendahl og Skage-familien.

– Det er litt meir glissent her i Førde enn i Sogndal.

– Eg vil ikkje seie det. Dette er heilt normalt, eg er nøgd med frammøtet. seier Hegbom.

– Litt flåsete sagt så seier vi at vi er på jakt etter dei 50 smartaste, Etter 50 hyttetomter veit vi av erfaring at prisen på tomtene går opp, seier Haukås.

Han syner til røynslene ein har frå hyttefeltet i Myrkdalen på Voss der tomtene no går for eit par millionar kroner stykket.