Riving av Harastølen aktuelt

Eigaren av Harastølen i Luster har meir eller mindre gitt opp å få til aktivitet i bygningane. No er forfallet kome så langt at Tinfos vurderer å rive den store hovudbygningen.

Gamle Lyster sanatorium på Harastølen

EIN GONG SÅ STASELEG: No er Harastølen prega av manglande vedlikehald og forfall.

Foto: Raymond Lidal / NRK

– Riving er eit alternativ, seier styreleiar Tor Søve Syverud i Harastølen AS til Bergens Tidende.

Luster formannskap har pålagt rådmannen å varsle Tinfos om at kommunen førebur rivingssak.

(Artikkelen held fram under biletet).

Harastølen i forfall

FORFALL: Slik ser bygningen ut på utsida. På innsida er det endå verre.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Risiko for folk og dyr

Det ein gong så staselege bygningskomplekset i fjellsida høgt over Lustrafjorden er no så prega av forfall og hærverk at det utgjer ein risiko for både folk og dyr.

Det har ikkje vore aktivitet på Harastølen sidan 1990-talet. Då var det asylmottak der. Frå 1902 til utpå 1950-talet var det tuberkulosesjukehus. Du kan lese meir om historia til Lyster Sanatorium - Harastølen i Fylkesleksikonet.

Styreleiar Syverud i Harastølen AS seier dei har brukt mykje ressursar på å få til ny aktivitet i bygningane.

– Før finanskrisa var vi i dialog med ein stor aktør som vurderte å byggje anlegget om til hotell og konferansesenter. Dette var nok det næraste vi har vore å få til ny aktivitet, seier Syverud til Bergens Tidende.

For unge spelarar, kan møtet med norsk toppfotball vera tøft. Det fekk Peter Aase erfara forrige gong han prøvde seg i sogndaldrakta.
Vik fengsel markerte i dag at det er 150 år sidan dei opna dørene. Men bursdagsgåva fengselssjefen har mest lyst på, let framleis vente på seg.
Det enorme datasenteret i Lefdal gruve i Nordfjord BLIR no bygd. Dei første såkalla server-parkane skal stå klare til neste år. Det er venta at prosjektet vil gje over 100 nye arbeidsplassar.