Hopp til innhold

No gir direktøren 20.000 kroner ekstra til alle tilsette

Eit rekordresultat på 210 millionar kroner, gjer at Havyard-direktør Geir Johan Bakke no tek spanderbuksene på. Alle tilsette får utbetalt ein bonus på 20.000 kroner.

Geir Johan Bakke

SJEFEN: Geir Johan Bakke i Havyard Group har all grunn til å smile etter eit strålande årsresultat for konsernet.

Foto: Per-Jan Brekke

Det internasjonale verfts- og skipsteknologikonsernet, med hovudkontor i Fosnavåg og mellom anna verft i Leirvik i Hyllestad leverer knallsterke tal i rekneskapen for 2011.

Resultatet er meir enn dobla frå 98 millionar kroner i 2010 til altså 210 millionar før skatt i fjor. Som ein konsekvens av dette får no dei tilsett 20.000 kroner kvar ekstra å rutte med.

Langsiktig satsing

– Det er veldig kjekt, og veldig fortjent også. Eg er veldig glad for at vi valgte å gje lik bonus til alle. I eit selskap som Havyard Group så er alle like viktige for det resultatet vi har fått, seier administrerande direktør Geir Johan Bakke til NRK.

Bakke legg vekt på at det er den langsiktige strategien som no slår inn på svært positiv måte.

– Det er eit fantastisk resultat som vi er veldig stolte av, og det er resultatet av ein langsiktig jobb der vi 2005 avgjorde at skulle ikkje lenger berre vere eit verft i Norge, men vi skulle vere eit totalintegrert internasjonalt selskap innan skipsteknologi. Det vil seie at vi er det verftet i Norge som leverer størst andel gjennom interne datterselskap i form av verdiskapinga knytt til eit skip, sler Bakke fast.

Havyard 832-L-design

POPULÆR: Havyard sine eigne skipsdesign har fenga. Her i form av Havyard 832.

Foto: Havyard Group AS

Skapar mykje verdiar

Han meiner at grunnen til det gode resultatet i tillegg til ein fantastisk av alle tilsette i Havyard, er det at konsernet har kontroll over så stor del av verdikjeda som dei har.

– I dag leverer vi ein tredjedel av verdiskapinga i ein båt frå eigne selskap. Det kan til dømes vere design, elektro og dieselelektrisk. Vi legg heller ikkje skjul på at vi er optimistar for framtida og vi får eit godt resultat i går også, seier direktøren.

Ein vesentleg del av dei tilsette i Havyard er knytt opp til verftet Havyard Leirvik i Hyllestad kommune. Med fleire hundre faste tilsette og på kontrakt, er verftet den dominerande arbeidsplassen i deler av Ytre Sogn og Sunnfjord.

– Det er heilt avgjerande for oss at vi har eit verft i Norge som fungerar så godt som det gjer. Vår strategi som eit internasjonalt konsern er i overskueleg framtid å byggje prototypar i Norge og selgje teknologien vår over heile verda. Verftet i Leirvik skal vere utstillingsvindauge for dei produkta vi leverer i Havyard, sler Bakke fast.

Trur på framtida

Direktøren er ukueleg optimist på vegner av norsk verftsnæring generelt, og Havyard spesielt. Han har i alle fall ingen tru på noko negativ utvikling i åra framover.

– Eg har sagt det før og eg seier det igjen, eg skal byggje båtar i Norge i mi tid, og målsettinga i Havyard er at ungane våre også skal gjere det. Vi har ein langsiktig strategi med det vi styrer med.