Hopp til innhold

Pakken i Lærdal inneheldt krut

Pakken som blei funnen i Lærdal i går, inneheldt krut. Politiet seier det ser ut som ei heimelaga bombe og trur det er «ungdomsstrekar».

Pakken i Lærdal

KRUT: Pakken som fekk bombegruppa frå Oslopolitiet til Lærdal innheldt krut opplyser politiet.

Foto: Politiet

Bombegruppa i Lærdal

GJORDE FUNN: Det var eksplosiv i pakken som familien Hartman Thim fann tysdag.

Foto: NRK-tipsar

– Det ser ut som det er krut som blir brukt til jaktammunisjon, seier politibetjent Åslaug Golf Kaardal ved lensmannskontoret i Lærdal.

Det blei slått bombealarm i Lærdal i går, etter at Henrik Hartman Thim og sonen Noah (7) fann ein pakke i elva. Bombegruppa frå Oslo kom til Lærdal og utover kvelden blei det klart at det var sprengstoff i den.

Kruttet var pakka inn i ei pilleeske. Kaardal seier materialet rundt er ubestemmeleg, men at tapen rundt er sølvtape og svart elektrikartape.

– Kor farleg var denne pakken?

Pakken i Lærdal

SENDT TIL PRØVE: Innhaldet i pakken vert sendt til Kripos for nærare undersøkjingar.

Foto: Politiet

– Det kan eg ikkje uttale meg om, men den blei ikkje sett på som veldig farleg eksplosiv. Hadde den teke fyr, hadde den brunne ut utan å eksplodere, seier ho.

Pakken blir no sendt til Kripos for vidare undersøking. Det blir teke fingeravtrykk og DNA-prøver.

Pakken har truleg komme frå elva eller fjorden. No ønskjer politiet tips i saka.

– Dei som har kjennskap til ein pakke som liknar på denne, må ta kontakt. Det gjeld også dei som har laga den.

Politibetjenten har også ei anna oppmoding.

Bombegruppa i Lærdal

GJORDE FUNN: Det var eksplosiv i pakken som familien Hartman Thim fann tysdag.

Foto: NRK-tipsar

Om du skulle finne ein slik pakke, la den liggje og ring politiet, seier ho.