Hopp til innhold

Noah (7) fann sprengstoff i elva

Dei skulle berre på ein koseleg tur for å fiske då dei fann ei pakke i elva. Det enda med at bombegruppa kom heim til dei.

Bombegruppe i Lærdal/Familien Hartman Thim

FANN SPRENGSTOFF: Familien Hartman Thim blei evakuerte og måtte vente til bombegruppa frå Oslo hadde undersøkt pakken. - Det var heilt uverkeleg, seier pappa Henrik. Her er han saman med sønene Johannes på åtte år og Noah på sju, og kona Sofia Rebecca.

Foto: Privat

– Då eg forstod at det faktisk var sprengstoff i pakken, vart eg heilt svimmel, seier Henrik Hartman Thim. Han er familiefaren som plutseleg stod med ein pakke eksplosiver i hendene.

Var på fisketur

– Eg og sonen min Noah på sju gjekk tur og skulle bruke hov for å sjå om vi fekk småfisk ved badeplassen ved elvemunningen tysdag.

Dei to gjekk langs elva då Noah oppdaga ein pakke. Han tok den opp og kom til faren med den.

Den var teipa att med gaffateip.

– Eg sa at vi kunne ta med heim og undersøkje. Eg hadde absolutt ikkje ein einaste tanke om at vi skulle finne eksplosiv. Eg tenkte først det kunne kanskje narkotika. Eg hadde ringt politiet umiddelbart om eg trudde var eksplosiv i den, fortel Hartman Thim som er kommunelege i bygda.

Dei to starta på heimvegen, med pakken i ei bøtte medan dei leita etter meir småfisk.

– Vi fantaserte litt om kva som kunne vere inni pakken. Pengar og om det var finnarlønn. Noah synest det var spennande, fortel faren.

Politiet sperra av område i samband med melding om ein mistenkeleg pakke. Seinare på kvelden fekk bombeekspertar stadfesta at pakken inneheldt sprengstoff.

FANN KVIT PAKKE: Det blei slege full alarm i Lærdal etter funnet av ein pakke i sjøkanten i Lærdal. No er bombegruppa på veg. (Foto: Halvor Farsund Storvik / Jan Christian Jerving / NRK)

Fann kvit masse og ein veike

Dei bestemte seg for å sitje ute og undersøkje pakken nærare då dei kom heim.

– Vi var utanfor huset då vi byrja å opne pakken. Det var mykje teip surra rundt, og difor var det utfordrande å få opna den. Men også difor bestemte eg meg for at vi måtte vere forsiktige, forklarer han.

Han starta å klippe i teipen, og kom inn til ein ny type teip. Og så såg han noko som kunne vere noko som likna på ein veike.

– Det var ein slik veike som sit på lys, det var slik det såg ut, seier han.

Noah, som var litt skuffa fordi det ikkje var pengar i pakken, hadde mista litt av interessa og var gått inn, men kom ut att.

– Eg sa til han at han måtte inn att, og at eg ville undersøkje den nærare aleine.

Med hanskar på hendene byrja Hartman Thim å opne meir og meir av pakken.

– Eg såg kvitaktig masse og fleire plaststroppar, tenkte at det ikkje var så lurt å halde på med dette. Så eg la den frå meg forsiktig og ringde politiet.

Sperring i Lærdal

SPERRA: Henrik Hartman Thim og naboane måtte hjelpe politiet med å sperre av området rundt huset.

Foto: NRK-tipsar

La den i familiegarasjen

– Eg hadde også teke bilete av pakken for å kunne vise til politiet.

Han fekk beskjed om å legge pakken på ein trygg stad, og at politiet ville ta kontakt. Eit av forslaga til oppbevaring var inni familiegarasjen.

– Eg visste jo ikkje då at det var sprengstoff i den, men følgde oppmodinga og la den inni eit metallskap i garasjen.

Deretter vart det stilt frå politiet. Og familien på fire heldt fram med dei vanlege aktivitetane sine.

– Heilt ærleg tenkte eg ikkje så mykje meir på det, og gjekk og la meg på kvelden.

Dagen etter onsdag var det gått fleire timar etter at dei fann pakken, tok politiet kontakt.

– Eg fekk ein telefon frå politiet i Lærdal like etter klokka tolv, og dei kom opp til huset.

Hartman Thim fann fram pakken og viste den fram til den kvinnelege politibetjenten som var komen.

– Ho vart også mistenksam. Og då la eg pakken lenger vekk frå huset og politiet byrja å ringe.

Hjelpte til med å sperre området

Hartman Thim samla saman ting frå huset og ringde kona og fortalde om at dei truleg måtte evakuere frå heimen på grunn av pakken.

Men sidan det berre var ein politi på staden, måtte Thim og ein nabo hjelpe til med å halde vegen sperra til fleire kom til for å hjelpe.

– Korleis var det?

– Det var spesielt mildt sagt. Å vite at ein hadde sete med noko som er eksplosivt i hendene og at sonen min hadde vore borti i den og. Eg hadde aldri teke med meg pakken heim og inn i eit bustadområde om eg visste kva det var, seier han.

Huset vart evakuert, og politiet heldt vakt.

Bombegruppa i Oslo politiet var kontakta, og fram til dei var på plass, var det lite å gjere.

– Vi måtte berre vente, seier han.

Om lag eit døgn etter funnet var bombegruppa på plass med hunden Mac og ein bil full av utstyr.

– Dei starta å jobbe og vi venta hos naboen. Men vi hadde absolutt ingen god kjensle av det. Men vi prøvde å kose oss. Ungane hadde med seg vener heim frå skulen og dei møtte jo også dette politioppbodet.

Medan politiet arbeidde var naboane gode å ha.

– Når ein ha barn må ein prøve å vise at det ikkje er så skummelt og prøve å halde roa.

Bombegruppa i Lærdal

GJORDE FUNN: Det var eksplosiv i pakken som familien Hartman Thim fann tysdag.

Foto: NRK-tipsar

Vart kaldsveitt

Politiet og hunden som er ekspert på å snuse seg fram til ulike sortar eksplosiv, arbeidde med pakken som låg ute på plenen til familien.

– Han brukte lang tid med å kle på seg bombedressen. Og deretter gjekk han rundt pakken saman med hunden for å sjå korleis han reagerte.

Etter å ha arbeidd ei stund, rundt og ved pakken, kom politiet og fortalde at dei hadde gjort funn av eksplosiv.

Då vi fekk beskjed om at det var eksplosiv i pakken vart eg heilt svimmel. Den kjensla var ikkje god. Det kan eg trygt seie. Eg vart kaldsveitt og eg fekk litt angst over å tenke på kva eg faktisk hadde hatt i hendene mine, seier han.

Som lege veit han at eksplosiv, berre i små dosar, kan gjere stor skade.

– Det er rett og slett uverkeleg at vi fann denne pakken. Det er barn og dyr som er i området og leikar der vi fann den.

Mystisk pakke i Lærdal

VAR EKSPLOSIVER: Det var sprengstoff i pakken som vart funnen i Lærdal tysdag. Eit bustadhus vart sperra av medan politiet arbeidde på staden.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Uverkeleg situasjon

Pakken, bombegruppa og resten av politistyrken pakka saman og familien vart att i huset.

– Vi fekk i oss litt kveldsmat og snakka om det som hadde skjedd med barna. Dei tok det veldig fint. Men eg tok meg ein ekstra tur med lommelykt, for å sjå at alt var vekke.

– Kva tenkjer du i dag når alt er over?

– Eg er letta. Men det er framleis heilt uverkeleg. At pakken låg der den låg, det verkar ikkje som nokon har lagt den der med vilje. Det er surrealistisk at vi kunne finne den der.