I alt 17 verksemder signerte oppropet mot Nordic Mining sine gruveplaner i Engebøfjellet.
Mellom desse var Coast Seafood i Måløy. I aksjonærboka til gruveselskapet kjem det likevel fram at oppdrettsgiganten er inne med 880.000 aksjar gjennom investeringsselskapet Coast Invest.
– Her har det sjølvsagt skjedd ein eller annan glipp, der høgrehanda ikkje veit kva venstrehanda gjer, seier Sverre Søraa i selskapet.
Fryktar deponi
Det var i midten av mai at fem representantar frå fiskeri- og oppdrettsnæringa og éin frå reiselivet inviterte til felles pressekonferanse for å markere sin motstand til gruvedrifta som kan skape 170 nye arbeidsplassar i Naustdal – og totalt 500 arbeidsplassar på landsbasis.
(Artikkelen held fram under biletet)
Dei fryktar at forureining av fjorden skal tvinge oppdrettarane vekk, og øydeleggje omdømet til oppdrettsnæringa nasjonalt.
– Kunne vi ha ureina så mykje som det Nordic Mining legg opp til, ville vi kunne skape langt fleire arbeidsplassar, sa fiskeslaktar Ole Johan Eilertsen då.
– Uheldig
Sidan har ikkje gruveplanane kome særskilt lengre mot realisering. Nyleg fekk Klima- og miljødepartementet og nærings- og fiskeridepartementet utsett frist for å svare i saka.
I Coast Seafood visste ikkje Søraa at dei var blitt aksjonærar i Nordic Mining, før NRK.no orienterte han om det.
– Det er klart at når du gjer meg merksam på dette, så er det uheldig, seier han.
Vil ikkje ha gruvedrift
Coast Seafood har i fleire år gått med store overskot, og delar av kapitalen blir forvalta på børsen.
– Vi har ein del overskotskapasitet i Coast som vi har sett vekk til å forvalte. I løpet av eit år er vi nok inne i fleire hundretals selskap på kort sikt. Det er heilt rett at vi har støtta eit opprop her, og vi er ikkje samde i at Nordic Mining skal få drive gruvedrift i Førde, seier han.
Vil ut – snarast
Aksjekursen til Nordic Mining avheng i stor grad av om regjeringa godkjenner planane for Engebøfjellet. Får selskapet napp, kan dei raskt vekse i verdi. Eit avslag kan derimot gi aksjane liten verdi.
I Måløy understrekar Søraa at oppdrettsgiganten vil ut av Nordic Mining så raskt som råd.
– No er heldigvis Coast Seafood eit så pass lite selskap at vi skal få ordna opp i dette ganske så raskt. Då vil vi selje aksjane våre så fort det let seg gjere, seier han.