Hopp til innhold

«No pensjonerer vi bilen frå 1973»

I årevis har brannsjefen i Aurland, Arvid Gilje, kravd ny brannbil, i dag kunne han endeleg bytte ut brannbilen frå 1987 med ein splitter ny.

Created by InfoDispatcher

– Dette er den største dagen eg har hatt på jobben, sidan eg starta i 1985, seier ein tydleg nøgd brannsjef i Aurland.

– No har vi fått ein brannbil vi kan vere stolte av, og nyleg fekk vi også ein eigen vaktbil.

Gilje er brannsjef i ein kommune med over 20 tunnelar. Til no har dei har hatt til ein utrykkingsbil frå 1987 og inntil nyleg ein som er over 40 gammal.

– Ja, no pensjonerer vi bilen frå 1973, som til no har gjort teneste i Gudvangen, og så flyttar vi den frå 1987 inn dit.

(SAKA HELD FRAM UNDER VIDEOEN)

Ein lastebil tok til å brenne fleire kilometer inne i den over 11 kilometer lange Gudvangatunnelen i Sogn. Det var stor røykutvikling.

I løpet av det siste året har indre Sogn hatt to store brannar, i Gudvangatunnelen og på Lærdalsøyra. Den nye brannbilen har utstyr som er særleg godt eigna ved brann i tett trehusbusetnad og bilbrannar.

Storbrannar frisk i minne

– Vi har tenkt på Gudvangatunnelen, og kjøpt inn varmesøkjande kamera, og vi har masker vi kan bruke, slik at vi kan køyre inn i ein røykfylt tunnel.

Brannbilen er og ustyrt for skum som synte svært effektivt under brannen i Lærdal. Både til sløkking, men og for å hindre glør i antenne nabobygg til ein brann.

Mange tilreisande

Aurland er ein stor turistkommune med mange cruiseanløp kvart år. Til dømes hadde Flåmsbana åleine i fjor 720 000 reisande. I tillegg går ei av hovudfartsårene mellom aust og vest gjennom kommunen.

(SAKA HELD FRAM UNDER BILETET)

Ny brannbil i Aurland

NY BRANNBIL: Brannsjef Arvid Gilje og ordførar Noralv Distad (H).

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ordførar i Aurland, Noralv Distad seier dei har vore opptekne av å ha så god brannberedskap som mogleg for eigne innbyggar, men og for alle reisande som kvart å køyrer gjennom kommunen.

Venta lenge

– Det er veldig viktig for oss. Vi har eit stor ansvar når det gjeld våre eigne innbyggarar, tilreisande og alle trafikantar. Med den nye brannbilen så blir vi endå betre rusta.

– Brannsjefen seier han venta på ny bil i 10 år, kvifor har det tatt så lang tid?

– Det er rett at brannsjefen har vore utolmodig, men det har tatt å få finansieringa på plass, og det har og tatt tid å bestilt og bygt brannbilen. Men brannsjefen har hatt rett i at dette er utstyr vi treng.