Hopp til innhold

Brannbil miste hjul på utrykking

Då alarmen gjekk i ein tunnel i Aurland rykte brannvesenet ut med to bilar. Så vart det bom stogg for den eine...

Arvid Gilje

HAR ALDRI SKJEDD: Brannsjef Arvid Gilje har aldri tidlegare opplevd at ein av brannbilane har mist hjula.

Foto: Arne Veum

Sogn Avis skriv at den eine brannbilen hadde køyrd om lag 2,5 kilometer då det small – det viste seg då at to av hjula på den gamle bilen hadde ramla av.

Til alt hell viste det seg at det berre var snakk om ein falsk alarm, etter at nokon hadde fjerna eit brannsløkkingsapparat i tunnelen. Reinhard Sørensen som er tenesteleiar i Aurland brannvesen seier til avisa at situasjonen såleis ikkje var kritisk.

– Vi hadde ein annan røykdykkarbil med og fullførte utrykkinga med denne, seier Sørensen til avisa.

Brannsjef i Aurland, Arvid Gilje, seier det er første gong han har opplevd at brannbilane mister hjul. Han lovar at det ikkje skal skje igjen.

– Det viste seg at boltane var slitne, utan at dette var oppdaga, seier Gilje til Sogn Avis.

Gilje har fleire gonger slått alarm om tilstanden på brannbilane i kommunen. Seinast i mai slo han alarm og varsla at han vurderte å leggje ned køyreforbod på den eldste av bilane. Etter dette bestemte kommunen seg for å bla opp pengar til ny brannbil.