Hopp til innhold

– Sogndal er det minst romantiske laget i eliteserien. Det meiner eg positivt.

(TROMSØ 2 – 2 SOGNDAL) Trenarnomade og fotballekspert Tom Nordlie er imponert over kva Sogndal har fått til i årets eliteserie.

Tom Nordlie og Sogndal

– MEST REALISTISKE OG MINST ROMANTISKE: Det meiner Tom Nordlie er positivt for Sogndal. Her feirar Sogndal Magnus Stamnestrø sitt 2-0-mål mot Tromsø søndag.

Foto: NRK / Ole Reidar Mathisen / NTB Scanpix

Søndag spelte Sogndal 2–2 i kampen borte mot Tromsø. Sogndal leda 2–0 etter 26 minutt, men klarte ikkje å halda leiinga heilt til kampslutt. Dermed kan dei pakka eitt poeng i bagasjen heim til fjordfylket.

Jonas Olsson

IKKJE NØGD: Sogndaltrenar Jonas Olsson.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg er litt skuffa. Me har gode moglegheiter til å få med oss tre poeng her i kveld, men samstundes var Tromsø farleg nærme på slutten der. Kampen sett under eitt er 2–2 eit greitt resultat, men når me leiar 2–0 og 2–1 med ein mann meir bør me klara å få tre poeng seier Olsson til NRK.

Nordlie imponert

Kvittrøyene frå Sogn har imponert stort denne sesongen, og spesielt på bortebane har dei vore sterke. Sogndal er det nest beste bortelaget so langt i årets eliteserie, og det har ekspertane lagt merke til.

– Sogndal er det mest realistiske og minst romantiske laget i eliteserien, og det meiner eg i positiv forstand. Dei er klare over sine ressursar, sine styrker og svakheiter. Dei spelar seg ofte til kritikk når det gjeld underhaldninga på bortebane, men eg tykkjer dei er smarte og at dei utviklar gode enkeltspelarar. No sel dei Per Egil Flo, men likevel so klarer dei seg kvart einaste år, sa fotballekspert Tom Nordlie i 4-4-2 på NRK P1 like før kampen mot Tromsø starta.

Per Egil Flo spelte ikkje mot Tromsø, då han slit med ein småskade.

Tom Nordlie

IMPONERT: Tom Nordlie

Foto: NRK

Med dagens poeng ligg Sogndal på sjuandeplass med 22 poeng, dermed har dei berre 12 poeng mindre enn dei hadde i heile fjor. Nordlie er imponert over kva Sogndal har fått til denne sesongen.

– Forventningane til Sogndal er ikkje noko anna enn at dei ikkje skal rykkje ned og då har dei ikkje heilt det store presset på seg. Dei forventar også sjølv å vera på nedre halvdel, so det blir ikkje noko kav rundt det. Eg tykkjer dei utviklar gode enkeltspelarar og spelar kollektivt smart i forhold til føresetnadene deira, seier Nordlie.

Karadas er ikkje nøgd

– Eg tykkjer ikkje me gjer nokon stor kamp. Me skal ta med oss dette poenget her, men eg er litt skuffa over prestasjonen vår. Både det at me misser leiinga vår, og samstundes kjem me ikkje inn i kampen slik me ønskjer, seier Azar Karadas.

Azar Karadas

VIKTIG MANN: Azar Karadas vart nok ein gong ein viktig mann for Sogndal.

Foto: Ole Reidar Mathisen / NTB scanpix

Han skåra det første målet og hadde målgjevande på 2–0. Likevel smilte han ikkje då NRK møtte han i pressesona etter kampen.

– Når me berre klarer eitt poeng når me leiar 2–0 og spelar med ein mann meir på 2-1, det er hyggjeleg å skåra og alt det der, men eg skulle gjerne hatt tre poeng.

Heller ikkje kaptein Rune Bolseth klarte å jubla for det eine poenget dei fekk.

– På førehand hadde me vore nøgde med 2-2, men når me leiar 2–0 so har me kampen akkurat der me vil ha den. Eg føler me har kontroll, so blir dei ti mann og etter det tykkjer eg me er dårlege. Då er det heilt greitt at Tromsø utliknar, og dei er klart nærmast dei siste minuttane. Eg er skuffa, men me er ikkje gode nok i dag.

Motsett av «Borte bra, hjemme best»

Rune Bolseth

SKUFFA: Rune Bolseth

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Sogndal har tatt 10 poeng på heimebane og 12 poeng på bortebane denne sesongen, og er det einaste laget som har tatt fleire poeng på framand gras enn på heimebane.

– Me har vore veldig effektive på bortebane kontra på heimebane. I dag skårar me på dei to første sjansane me har og då får me kampen dit me vil. Sånn har det vore på bortebane, me har vore effektive, seier Bolseth.

Det er dei andre på laget også nøgd med, men ...

– Me skulle vore det beste heimelaget også, då hadde det blitt gull, flirer Azar Karadas.

– Ja, eg har høyrt det. Men me vil jo vera best, smiler trenar Jonas Olsson lurt.