Per Egil Flo har sidan 2005 vore ein trufast slitar for Sogndal, men no endrar dette seg. Han går over til Ole Gunnar Solskjær sitt mannskap frå 15. juli.
– Det følast veldig bra, det er eit steg i rett retning for karrieren min. Så det gler eg meg til. Molde er ein klubb med ambisjonar som dei to siste åra har vore seriemeistrar og hatt spel i Europa, så det er ein bra klubb å reise til, seier Flo til NRK.no
Trur Molde overlever
Ambisjonen hans er å spele seg til fast plass på laget, og ikkje minst bidra til at Molde skal kome seg over nedrykksstreken og sikre vidare spel i eliteserien.
– Eg har spøkt litt med at eg trivst i nedrykksstriden, men eg trur ikkje det skal bli noko problem. Molde er eit veldig bra fotballag og eg trur dei kjem til å hente poeng framover, slår Flo fast.
– Felles forståing
– Sogndal Fotball og Molde FK er blitt einige om vilkåra for overgangen til Per Egil Flo. Klubbskiftet skjer når overgangsvindauget blir opna 15. juli 2013. Inntil den tid skal Per Egil Flo gjere sitt beste for Sogndal Fotball, heiter det i ei melding på sogndalfotball.no.
Assistenttrenar Tom Mangersnes seier at det heile tida har vore ei felles forståing frå begge partar at intensjonen heile tida var at han skulle bruke Sogndal som eit springbrett vidare.
– Han er ein pådrivar
– At han no får moglegheita til å ta det steget vidare til ein større klubb, så kan vi seie at vi har lukkast med det som var intensjonen den gongen. Noko av det viktigaste bidraget frå Per Egil, ved sidan av å vere lagkaptein, så er han ein pådrivar i treningsmiljøet, seier Mangersnes til NRK.no
Ifølgje Molde sin manager, Ole Gunnar Solskjær, uttrykkjer han stor glede over å ha sikra seg Per Egil, og hat an ser fram til å få lysluggen med på laget når den travle og spanande sommar- og haustsesongen står for døra.
– Ein berebjelke
Sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, har følgjande å seie om overgangen til klubben si heimeside:
«Trass i Per Egil sin unge alder, har han spelt 130 kampar i liga og cup sidan overgangen frå Stryn i 2005, og han har vore ein berebjelke på Sogndal i fleire år allereie. At han no får moglegheita i Molde, syner at Sogndal nok ein gang har vidareutvikla ein talentfull spelar. Me skal vere ein utviklingsarena for toppfotball, og Per Egil er eit godt eksempel på dette».
Det er tredje gong ein Flo-spelar går til Molde. Jostein Flo spelte mange kampar for klubben og Kjell Rune Flo spelte også i Molde.