Hopp til innhold

Countrystjerne returnerer til Breim

Han stod på scena under historias første countryfestival på Breim. I sommar er Bobby Bare tilbake

Bobby Bare og Petter Øien

SUKSESS: Bobby Bare har det siste året fått mykje merksemd i Norge. Ikkje minst etter samarbeidet med Petter Øien (t.h.) under årets Melodi Grand Prix.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Artistlista til årets utgåve av Norsk Countrytreff på Breim er byrja å fylle seg opp. Frå før er det klart at Vince Gill, Hellbillies og Vassendgutane kjem til Breim.

Med 100 dagar att til festivalstart, presenterer arrangørstaben også Bobby Bare.

– Han var her då det heile starta, og no er han på plass igjen nesten 20 år etter, seier ein nostalgisk artistansvarleg Nils R. Sandal i ei pressemelding.

Bare stilte i år i den norske Melodi Grand Prix-finalen saman med Petter Øien frå Sie Gubba. Med låta «Things Change» tok dei seg vidare frå delfinalen i Florø til gullfinalen .

Amerikanaren har gjeve ut 40 album i løpet av si 50 år lange karriere innan countrymusikk. Mellom dei store hitane er «500 miles away from home», «Detroit city», «The streets of Baltimore» og «Four strong winds».