Solstad har i sju år vore instruktør på linedancekurset på Norsk Countrytreff, og seier sjølv at ho har fått countrymusikken inn frå barnsbein av.
– Etter å ha delteke på festivalen sidan 2002, som publikummar, linedansar og sidan også som linedance-instruktør, føler eg at eg kjenner festivalen godt. Eg har budd på festivalområdet alle desse åra og har følgt utviklinga av festivalen på nært hald., seier Solstad i ei pressemelding.
Solstad kjem frå stillinga som rektor ved Lærdalsøyri skule, og tek til i den nye stillinga 1. juli.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– På tide at musikken blir verdsett
Den 53 år gamle kvinna sit som representant for Arbeiderpartiet i hovudutvalet for kultur på Fylkestinget. At Norsk Countrytreff no også er utpeika som Knutepunktfestival ser ho på som eit skikkeleg løft for countrymusikken.
– Det er på tide at countrymusikken får den anerkjenninga den fortener.
Musikken har ikkje vore verdsett på den måten den bør, seier Solstad.
Er imponert
Ho gler seg til å vere med på laget som skal arbeidet med festivalen framover.
– Eg har stor respekt for jobben som heile bygda legg ned i arbeidet med festivalen. Det er imponerande korleis alle arbeider saman for å skape ein best mogleg festival. Gjennom så mange år har ein heile tida klart å tilpasse seg og kome med forbetringar, seier ho.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Vi har funne rett person
Med brei erfaring frå leiarstillingar og lags- og organisasjonsarbeid samt ei brennande interesse for countrymusikken, er ikkje styreleiar Nils R..
Sandal i tvil om at Norsk Countrytreff har funne rett person for jobben.
– Vi gler oss til å ta fatt på arbeidet med festivalen saman med Solstad. Ho har kompetansen som trengst for å utvikle festivalen ytterlegare og handtere arbeidet på ein strukturert og god måte som vil kome heile arrangementet til gode, seier Sandal.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: