- Sogn og Fjordane er motbakkefylke nummer éin i Norge, seier motbakkegeneral Christian Prestegård.
Han er i helga på plass i Luster, der han er løpsleiar for nykommaren Molden Opp.
Har allereie 650 påmelde løparar
Molden Opp blir laurdag arrangert for aller første gong - og allereie har over 650 påmeldingar strøyma inn.
Det er berre Storehesten Opp i Gaular som kan måle seg med slike deltakartal for eit førstegongsarrangert motbakkeløp. Her deltok 800 løparar første gongen det vart arrangert.
- Det er ekstremt. Heilt kolossalt, kommenterer Prestegård.
(Artikkelen held fram under biletet)
- Ikkje sett liknande i Norge
Prestegård viser til at det berre bur 150 menneske i Marifjøra. Den vesle staden får mangedobla innbyggjartalet medan Molden Opp går av stabelen i helga.
- Det er eit stort engasjement i Luster. Eg har ikkje sett liknande i heile Norge når ein ser det i forhold til folketalet, seier han.
- LES OGSÅ:
110 løp i Norge i fjor
Med dei siste påmeldingane på plass på sjølve løpsdagen, kan Molden Opp fort komme opp i heile 800 deltakarar.
Dermed føyer det nye motbakkeløpet seg inn i ein tidstypisk trend: I Sogn og Fjordane har snart alle kommunar med respekt for seg sjølv eitt eller fleire motbakkeløp.
Og sesongen startar no for alvor.
- I fjor vart det arrangert 110 motbakkeløp i Norge, men ingen andre fylke kan måle seg med Sogn og Fjordane, meiner Prestegård.
(Artikkelen held fram under biletet)
- Er god marknadsføring
I løpet av sommaren blir det avvikla 20 motbakkeløp i Sogn og Fjordane. Det heile starta med Skåla Opp i 2002 - og dei siste åra har det vore som ein farsott.
Berre Hordaland kan måle seg med motbakkeinteressa i Sogn og Fjordane. Her er det i år terminfesta heile 30 løp - men i eit større fylke.
- Dei ulike bygdene har sett at desse arrangementa er ein god måte å markandsføre regionen på. Ein må opp på toppane for å få vidsyn og klarsyn, seier Prestegård.
Full konkurranseklasse på Skåla
- Ein annan ting er at det er lett å rekruttere mange deltakarar som aldri har delteke på konkurransar før. Alle kan vere med på motbakkeløp, seier han.
PS: Det kanskje mest kjende motbakkeløpet her i fylket, Skåla 1848 meter rett opp, har allereie sett stopp for påmeldingane til konkurranseklassen. Her er det no 700 påmelde. Løpet blir først arrangert om to månader...