Hopp til innhold

Drog inn 5000,- på under ni minutt

Mats Mjøs Andersen frå Varegg sette ny rekord med knappast mogleg margin under Trappeløpet i Høyanger.

Mats Mjøs Andersen

NY REKORD: Mats Mjøs Andersen fekk godt betalt for innsatsen i åtte og eit halvt minutt. - Men eg heldt på å svime av etterpå, seier Varegg-løparen.

Foto: Ida Andersen

Mats Mjøs Andersen vann laurdag det etterkvart så tradisjonsrike Trappeløpet i Høyanger på tida 8.24.

Med det sette han samstundes ny rekord for Trappeløpet - med eitt fattig sekund betre løpstid enn den gamle rekorden til Jon Tvedt.

Hadde ikkje trudd på rekord

Dermed vanka det 2000 kroner i førstepremie - pluss 3000 kroner som bonus for den nye rekorden. Timeløna for innsatsen blir OK med tanke på at han tente 5000 kroner på åtte og eit halvt minutt...

- Det er jo ikkje verst, det, humrar Mats Mjøs Andersen.

- Det gjekk over all forventing. Eg hadde aldri trudd på ny rekord - eg hadde som mål å komme under ni minutt, seier han.

- Tvedt sette sterkare rekordar

Sjølv meiner Varegg-løparen at gamlerekorden ikkje kan ha vore blant dei sterkaste til den avdøde motbakkekongen Jon Tvedt.

Han samanliknar med rekorden i Stoltzekleiven, der rekorden er på råsterke 8.13.

- Eg tenkjer ikkje så mykje på at eg har teke rekorden til Jon Tvedt. Han sette langt sterkare rekordar enn dette, seier Mjøs Andersen.

Trappeløpet 2010

KREVJANDE: Trappeløpet i Høyanger består av 1281 trappetrinn, og kostar sveitte og mykje mjølkesyre.

Foto: Ida Andersen

Heldt på å svime av i mål

- Det var tungt. Eg måtte leggje med ned etter at eg kom i mål. Då eg skulle reise meg, heldt eg på å svime av. Men det er eit kjempefint løp, skryter Mjøs Andersen.

Kvinneklassen i Trappeløpet vart vunne av Karoline Holsen Kyte frå Førde på tida 11.19.

61 deltakarar stilte til start på løpet, som i år vart arrangert for 17. gong. Fullstendige resultatlister finn du her.

Karoline Holsen Kyte

VANN DAMEKLASSEN: Karoline Holsen Kyte vann dameklassen.

Foto: Ida Andersen