Hopp til innhold

No er «superdekninga» på plass

Om du står i sentrum av Eid eller Førde og skal lese nyheiter på nett, vil du kunne få deg ei positiv overrasking. Med 4G-dekning vil sidene laste mykje fortare enn du er vand med.

4G på t-banens linje 5

4G: Folk som skal surfe på nett vil merke at farta er betydeleg raskare med 4G-dekning enn 3G-dekning, seier dekningsdirektøren i Telenor.

Foto: Gøril Furu / NRK

– Eg trur nok folk vil merke at ting går mykje raskare. Det å laste ei side som NRK.no eller sjå nyheitsinnslag og slike ting, vil folk merke går mykje, mykje fortare, seier Bjørn Amundsen som er dekningsdirektør i Telenor.

I løpet av dei siste dagane har to nye kommunar i Sogn og Fjordane fått den etterlengta 4G-dekninga. Litt forenkla er 4G ti gonger raskare enn 3G, og gjer at folk svært raskt kan kome seg på nett via mobilnettet.

– Inne i den moderne tidsalder

Alfred Bjørlo

JUBLAR: Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK
Bjørn Amundsen

PÅ PLASS: Bjørn Amundsen i Telenor stadfestar at 4G-dekninga no er på plass i Førde og Eid. I Førde er det berre ein av fleire stasjonar som er sett i drift.

Foto: Elisabeth Sandve / NRK

Lærdal vart den første kommunen som fekk 4G-dekning i Sogn og Fjordane. Dette skjedde samband med gjenoppbygginga av Telenor sine hovudsentral som brann ned i storbrannen i januar.

No har Førde og Eid kome på den same lista. I Eid er den eine stasjonen som skal setjast i drift i 2014 skrudd på.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo er ein av dei som jublar.

– No er vi endeleg inne i den moderne tidsalder, og det er veldig gledeleg, seier Venstre-ordføraren.

Må kjøpe seg ny telefon

Han har tidlegare uttrykt stor frustrasjon over at hyttefelt på Hafjell får 4G-dekning før folk i Sogn og Fjordane, og er glad Telenor no har fått fart på seg her i fylket.

– Det å ha god nettkapasitet er byrja bli ein del av forventningane spesielt unge har i kvardagen. Folk vil ha god nettkapasitet både på jobb og på fritida, seier Bjørlo.

Etter at 4G-dekninga var på plass for to dagar sidan har han merka stor forskjell.

– Det er to forskjellige verder. 4G-nettet er mykje kjappare og meir stabilt, seier han.

Enn så lenge har han brukt telefonen fordi hans eigen telefon ikkje støttar 4G, men det blir det snart slutt på.

– Etter at eg såg kor raskt det gjekk med 4G, så må eg ganske raskt investere i ein ny telefon, flirer ordføraren.

Ein av fleire stasjonar på plass

Og det kan det hende det er fleire som kjem til å gjere. Bjørn Amundsen i Telenor seier det er to ting som er viktig for at folk skal kunne ta det nye nettet i bruk.

– Først og fremst må du ha ein telefon som støttar 4G-nettet, og i tillegg må du ha eit SIM-kort som støttar 4G, det ser du på kortet, seier dekningsdirektøren.

Den nye superdekninga er også på plass i Førde. Her har Telenor sett i drift ein av fleire stasjonar, fortel Amundsen.

– I Førde vil det kome mange basestasjonar, men denne veka fekk vi starta opp den stasjonen som står på Quality-hotellet i sentrum. Det vil kome fleire i løpet av kort tid, seier Amundsen.

Førebels er det ikkje konkrete planar om fleire kommunar som kan vente seg 4G-utbygging med det aller første.

– Vi kikar litt på Sogndal, men det må eg kome tilbake til utover våren. Så trur eg nok også Florø vil få 4G i løpet av 2014.