Hopp til innhold

Manglar 2700 tonn sauekjøt - moderne fjøsar skal gjere sauebondeyrket attraktivt

Moderne fjøsar som fôrar sauene meir eller mindre automatisk skal lokke fleire til å satse på sauer. Sauekjøtet er svært ettertrakta og mangelen er i dag stor.

Mangelen på kjøt gjer at det trengst fleire sauer. I dag manglar vi 2700 tonn med sauekjøt.
Ved hjelp at eit nytt moderne fjøs skal det no bli lettare for bønder å drive med sau. Vi har besøkt ein av dei mest moderne fjøsane. 
Foto/red: Stine Kyrkjebø Johansen

SJÅ SAK: I dag manglar vi 2700 tonn med sauekjøt. Nye, moderne fjøsar skal gjere kvardane lettare for bøndene. På Nordfjordeid har ein slik fjøs allereie kome på plass.

Fårikål om hausten, pinnekjøt til jul og ikkje minst smalahove er ein del av tradisjonsmaten her i landet. Nordmenn eter mykje sauekjøt, men talet sauebønder og sauer går drastisk ned.

På 15 år har talet sauebønder rasa frå 22.000 14.000

I dag manglar vi 2700 tonn med sauekjøt. Det svarar til 135 000 sauer. I tillegg er det tungvint å drive med sau for bøndene, men no skal det bli lettare.

Ved hjelp av nye, moderne fjøs vert bonden meir fleksibel. I dag manglar vi 135 tusen sauer til sauekjøt i Norge.

Fleksibel kvardag

På Nordfjordeid har bonden, Knut Tore Nes Hjelle allereie teke i bruk sin nye fjøs. No har han om lag 50 sauer gåande samla i ein stor binge i det nye fjøset. Ved hjelp av den nye fôringshekken har dei mat i fire til fem dagar om gongen.

Allereie no ser han at det plass til ein buskap på 80 sauer.

– Med desse løysingane her så er det litt meir fleksibelt, og ein får ein litt friare kvardag og blir ikkje så bunden opp til mot faste tider, fortel Nes Hjelle.

Færre bønder

Knut Tore Nes Hjelle

FLEKSIBEL: Sauebonde Knut Tore Nes Hjelle seier han får meir tid til familien når han ikkje lenger er så knytt opp til fjøstidene. Her med minstemann Severin.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Norsk Landbruksrådgiving i Sogn og Fjordane går i bresjen for eit pilotprosjekt dei har kalla «Sau i pluss». Dette er eit treårig prosjekt med mål om å stogge nedgangen i sauetalet i fylket og stabilisere det på eit tal på 75.000 sau.

Gjennom fokus på tekniske løysingar og fornying av hus til sau skal sauehaldet styrkast.

Fjøsen på Nordfjordeid kosta 1,2 millionar kroner. Nes Hjelle har også fått støtte frå Innovasjon Norge til å byggje fjøsen.

Utradisjonelt

Edvin Hugvik er prosjektmedarbeidar i prosjektet og har vore med å forma ut korleis fjøsen skal sjå ut. Han fortel at eit av måla er å tenkje utradisjonelt både innan driftsopplegg og bygningar til sau.

– Kraftforautomatar og fôrhekkar som vi ser her, samtidig som ein har fleire dyr i lag, er ein heilt ny måte å tenkje på, seier Hugvik.

Han trur det vert lettare for bonden å kombinere sauehald med anna arbeid når desse løysingane er på plass.

Edvin Hugvik

NYTT PROSJEKT: Edvin Hugvik i Landbruksrådgivinga håpar prosjektet kan stabilisere talet på sau i fylket.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

I førsteomgang skal fem fjøsar i fylket vere ein del av pilotprosjektet. I dag er det ein fjøs i Gloppen og ein på Nordfjordeid, samt ein som snart kjem i Sogn.

Felles for desse er måten fjøset ser ut og bruken av fôringsstasjonar.

Landbruksrådgiving har eit mål om å stogge nedgangen i sauetalet i fylket, og dei vil med fokus på bygg og økonomi tilby hjelp til bruk som vurderer å starte opp eller gjere endringar i drifta på garden.

Det kvite gull

– Sauekjøtet i Norge har ein kvalitet som overskrid alt sauekjøt i heile verda. Vi snakkar ofte om å investere i det svarte gull, men vi må ikkje gløyme det kvite, seier kommunikasjonsdirektør i Nortura, Kjell S. Rakkenes, som siktar til dei kvite ullkledde dyra.

Totalt i Norge vert det produsert 23.000 tonn med sauekjøt som svarar til 1.175.000 sauer. I tillegg vert det importert 2700 tonn frå utlandet.

– Det vil seie at vi i dag manglar 10 prosent med sauekjøt produsert i Norge, seier Rakkenes.

Gjennomsnittsbuskapen på sau i Norge er på 70–80 dyr.

– Det vil seie at vi har plass til fleire hundre sauebønder til, fortel Rakkenes.