Hopp til innhold

Meiner Eid sentrum ligg for lågt

Då «Dagmar» trefte Nordfjordeid kvelden 1. juledag slo bølgjene langt inn over sentrumsgatene. Klimaforskar Atle Nesje meiner eidarane har bygd for lågt.

"Dagmar" sine herjingar i Eid

FOR LÅGT: Eid sentrum ligg for lågt meiner klimaforskar Atle Nesje.

Foto: NRK/Heidi Lise Bakke

Klimaforskaren brukar Eid kommune som eksempel på korleis det ikkje skal gjerast når det gjeld bygging mot fjorden. I julehelga stod delar av Eid sentrum under vatn då ekstremvêret herja som vest.

Nesje meiner det er eit tydeleg bevis at på eidarane har bygd for lågt langs sjøen.

– Det er blitt fint og flott langs gata der, men det hadde nok vore ein fordel om ein bygde litt høgare. Då ville ein kunne ta unna for dei verste bølgjene, slik at dei ikkje slår inn over gatene, seier Nesje.

Atle Nesje

VIL SKJE IGJEN: Når klimaet blir våtare og villare trur Atle Nesje at det berre er eit tidsspørsmål før det same skjer i Eid igjen.

Alfred Bjørlo

VIL VURDERE: Ordførar Alfred Bjørlo seier dei vil vurdere kva dei skal gjere langs fjorden.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK
Tang og tare låg langt inn i sentrum

Då folk fekk sjå øydeleggingane uvêret hadde gjort i sentrum av Nordfjordeid andre juledag, var det mange som skildra området som eit katastrofeområde.

Tang og tare låg langt inn gatene, småbåtar var skylte på land og låg langt opp i handlegata og sentrum var fylt med rekved.

Nesje på si side er ikkje veldig overraska, og meiner kommunen her har tilsette bygging for lågt i området mot fjorden.

– Dette er noko som er opp til dei kommunale styresmaktene å bestemme, men dei bør kanskje vurdere å leggje nokre steinar langs kanten. På den måten kan dei lage ein mur som bryt bølgjene frå Eidsfjorden, seier Nesje.

– Dette vil kunne skje igjen

Han håpar kommunen vel å gjere noko med problemet, for det som skjedde i julehelga, vil kunne skje igjen.

For framtida er det venta at snittemperaturen og havnivået vil stige, i tillegg til at vi oftare enn før vil oppleve intens nedbør og kraftige stormar.

– Det som skjedde i jula, har skjedd før, og det vil truleg skje igjen, seier Nesje.

(Artikkelen held fram under biletet)

"Dagmar" sine herjingar i Eid

BØR BYGGJE MUR: Klimaforskaren rår lokale styresmakter til å byggje ein slags mur langs fjordkanten for å hindre at bølgjene slår langt inn i sentrumsgatene.

Foto: NRK/Heidi Lise Bakke

Vil vurdere situasjonen

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo seier dette er noko dei kjem til å ta med seg når dei skal vurdere det som skjedde i julehelga. Likevel meiner han at problemet stort sett er knytt til ein eldre del av utbygginga mot fjorden.

– Nokre område i sentrum var hardare råka enn andre. Men det er ikkje tvil om at vi må ha ein grundig gjennomgang av korleis utfyllinga av sjøen skal gjerast. Vi må sikre oss at dette ikkje skjer i framtida, seier Bjørlo.

"Dagmar" sine herjingar i Eid

TANG OG TARE: Det låg rekved og tang og tare langt inn i sentrumsgatene etter uvêret sine herjingar.

Foto: NRK/Heidi Lise Bakke