– Det var eit brutalt spørsmål å få medan ein står midt oppe i situasjonen, men det hastar veldig, fortel pappa Nils-Einar Kjøsnes til siste nummer av Fylkesmagasinet.
Familien på fire frå Jølster i Sogn og Fjordane har valt å stå fram med historia si for å gjere fleire merksame på kor viktig det er å ha teke standpunkt i forhold til organdonasjon.
Vart akutt sjuk
Minna frå natta på Haukeland universitetssjukehus sit som spikra. Hadde Markus fått leve, hadde han vorte 10 år i mars neste år. Slik skulle det ikkje gå.
Markus vart fødd i 2002, frisk og rask. Tre månader gammal vart han brått sjuk, med ei form for hjernehinnebetennelse.
Dette såg ut til å gå bra, men då Markus var ti månader, vart han brått akutt sjuk. Turen gjekk via sentralsjukehuset i Førde til Haukeland.
- LES OGSÅ:
Vart fortalt at alt håp var ute
Dårleg vêr førte til at foreldra kom dit i bil, medan Markus, som skulle fraktast med helikopter, ikkje kom fram før etter at foreldra hadde komme.
Og då var det for seint.
- Etter ei stund vart vi kalla inn på eit rom. Der sat tre-fire legar som fortalde at det ikkje var håp. Markus var hjernedød. Så la dei fram spørsmål om donasjon, fortel Nils-Einar Kjøsnes.
Trass i at dei var tyngde av sorg, makta dei å sjå korleis dette kunne hjelpe andre i same situasjon.
- Vi har eit vennepar i Sogn som har mista eit barn, og tenkte at om Markus sine organ kan redde andre unna den sorga dei hadde, og som vi no måtte oppleve, så ville vi det, seier Nils-Einar Kjøsnes.
Har opplevd nytta av donasjon
Etter ein tur på sjukehusgangen, var ekteparet samde.
- Mor mi er nyretransplantert, så vi har opplevd i familien nytta av å få organ, fortel mamma Eli Kjøsnes.
Dei beskriv prosessen som verdig. Men presierer at det var ei tung avgjerd å ta.
- Familien kom til Bergen for å sjå Markus og ta farvel, så kopla dei frå respiratoren, seier Nils-Einar Kjøsnes stilt.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Redda fire i Skandinavia
Begge nyrene, lever, hjarte og lungene vart nytta, og redda livet til fire personar i Skandinavia.
- Det er nemleg eit skandinavisk samarbeid om donororgan, fortel foreldra.
Kven som fekk organa, veit dei ikkje. Men dei kjenner ei trøyst ved å vite at dei har hjelpt nokon frå å oppleve det same som dei.
- Om ein sjølv ville takka ja til å ta i mot organ, bør ein også vere villig til å donere. Dette er noko det er viktig å tenkje over. Kanskje treng du eller borna dine organ ein dag, seier Nils-Einar Kjøsnes.
- Meir om stiftinga Stiftelsen Organdonasjon finn du her.