Hopp til innhold

Oppmodar politikararar om å melde seg som organdonorar

Erling Sande frå Senterpartiet får ros for å ha utfordra fylkestingspolitikarane til å melde seg som organdonorar.

Sølvi Losnegård

TRENG NY NYRE: Sølvi Losnegård må til dialyse tre gonger i veka sidan nyrene hennar ikkje fungerer skikkeleg.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Sølvi Losnegård, som sjølv treng ei ny nyre, er glad for at Sande set fokus på ei viktig sak.

– Ja, eg tykkjer de er kjempeviktig at dette blir sett på dagsorden. Berre i 2010 fekk 164 pasientar ny nyre frå ein framand donor. Det var 220 som stod på venteliste, så det viser kor viktig det er, seier ho.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Donor utfordring til politikarar

SJÅ: Over 200 personar her i landet står i kø for å få eit nytt organ. Og no vert fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane utfordra til å bli organdonorar. At det vert sett fokus på dette gjev håp til ei som har venta ni år på ny nyre.

– Alle bør tenkje gjennom dette

Onsdag går var det siste møtet i fylkestinget for dei avtroppande representantane, og neste onsdag er det fyrste møte for det nye fylkestinget. Stortingsrepresentant Erling Sande oppmodar difor fylkespolitikarane om å melde seg som organdonorar.

Erling Sande (Sp)

OPPMODAR POLITIKARANE: Erling Sande frå Senterpartiet oppmodar dei om å bli donorar.

Foto: SP

Han seier det er viktig å nytte høvet til å minne både nye og gamle politikarar om det store behovet det er for organdonorar.

– Det er veldig mange rundt om i landet som står i kø og ventar på friske organ. Dette er livsviktige for dei. Vi er mange som er friske som har organ kan gi vidare dersom det verste skulle skje. Det er i alle fall bra å tenkje gjennom dette for kvar enkelt av oss.

Sjuk nesten heile livet

Leger, operasjon, organdonasjon

LIVSVIKTIG: Organdonorar kan redde mange liv, for det er mange som treng eit nytt organ.

Foto: AP / Scanpix/AP

Sølvi Losnegård har vore sjuk sidan ho var liten, og har tidlegare fått ny nyre. Men den fungerte ikkje optimalt, og no står ho på ny i nyrekø.

– Eg må til dialyse tre gonger i veka, det er ein form for kunstig nyrefunksjon. Friske nyrer gjer at avfallsstoff blir fjerna frå blodet, det gjer det ikkje hos meg.

– Enkelt å bli donor

Erling Sande trur det er mange som ikkje har noko imot å ha eit donorkort, men som ikkje har fått gjort noko med det.

– Då er det greitt å oppmoda politikarar og andre om å gjere noko med dette. Det er lett å fylle ut eit kort som ein kan ha i lommeboka og informere dei rundt seg at ein er ein alternativ donor.