Hopp til innhold

– Vi står no her med hendene i lomma

Mange står no anten i kø på Riksveg 5 eller har snudd og køyrt heim. Dei kom seg aldri til jobb eller skule. På grunn av eit steinsprang kan vegen tidlegast opne klokka 14.

Ras riksveg 5

GODE GJERNINGAR: Mange har snudd, men ein god del, spesielt sjåførar av vogntog og lastebilar som skal fram med varer, har vald å vente til vegen opnar. Då varmar det med varm mat og drikke.

Foto: Steinar Lote / NRK

Steinspranget som gjekk tysdag kveld stengjer riksveg 5 ved Leversundet mellom Grov og Sundefjellstunnelen. Det er ikkje omkøyringsmoglegheiter for folk som skal mellom Florø og Førde, eller Florø og Svelgen. Folk som skal mellom Førde og Svelgen er ikkje råka av stenginga.

Vegen kan tidlegast opne mellom klokka 15 og 16. Ein geolog undersøkte området onsdag morgon og skal i føremiddag gjere ei ny vurdering av staden, etter at han såg ei steinblokk. Frykta er at det skal gå fleire ras.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras riksveg 5

VARM MAT: Etter svært mange timar i kø var mange takksame for tilbodet om varm mat og drikke frå Steinar Svardal (t.h.)

Foto: Steinar Lote / NRK

I krise ser ein ofte gode gjerningar

For dei mange som stod i kø i morgontimane var Steinar Svardal og ein liten, svart varebil eit kjærkome syn i dag. For bak i bilen var det haugevis med termosar med kaffi, og vatn, brus og kjeks.

– Vil vere medmenneske når høyrer om folk som har stått her heile natta. Berre ein ting å gjere. Damene på Spar i Eikefjorden stilte opp. Det var hyggeleg å kunne gjere noko fint for folk seier Svardal.

Han skulle sjølv vore på jobb på i Florø. Like bak står brødbilen.

– Vi håpar vegen opnar snart. Vi har både frysevarer, kjølevarer, frukt og grønt og brød i bilane bak her. Det er ikkje berre vi som vert belasta. Det er heile Florø, seier Svardal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras riksveg 5

VENTA LENGE: Ole Anders Steen (t.v.) og arbeidarane frå Harald Kapstad venta i fleire timar før dei valde å reise heim.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Skal byggje leilegheiter i Florø

Ifølgje NRK sin reporter på staden står mange lastebilar og vogntog framleis i kø langs riksvegen. Nokre personbilar står også i kø, men mange har snudd og køyrt heim.

Ei verksemd som hadde tre varebilar på staden var entreprenøren Harald Kapstad i Førde. Fleire mann frå selskapet stod og venta på å kome seg til jobb for å byggje leilegheiter. Dei pendlar dagleg.

Ras riksveg 5

GODE GJERNINGAR: Steinar Svardal serverar kaffi. Han tok affære og kom med kaffi, brus, vatn og kjeks til dei ventande.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi står no her å pratar. Står her med hendene i lommene. Vi visste ikkje at vegen var stengt før vi kom ut hit, seier lærling Ole Anders Steen.

– Angrar de på at de ikkje sov litt lenger i dag?

– Visst dei opnar vegen so angrar eg ikkje. Men blir den stengt lenger, ville eg heller lege i senga lenger, seier Steen.

Arbeidarane frå Harald Kapstad har snudd og køyrt heim.

– Tinga må til Florø

Ras riksveg 5

VENTA I 8 TIMAR: Geir Thomas Øren og andre som fraktar varer har venta svært lenge for å kome seg forbi rasstrekninga.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fleire har stått heile natta, og vel å vente og håpar at vegen skal opne etter at geologen har vore på staden.

Geir Thomas Øren har stått i kø sidan 02.30.

– Eg visste at det var stengt. Folk hadde ringt og varsla meg, og det står skilt i Naustdalstunnelen, seier Øren.

Han køyrer semitrailer som er lasta med containerar med ting som skal offshore.

– Varene må til Florø. Min arbeidsdag er ferdig på grunn av reglar om køyre og kviletid.

Ny sjåfør frå Florø skal kome. Semitraileren står framleis og ventar.