På førehand var det spenning om kor vidt Arne Johannessen og Arbeidarpartiet kunne vippe Kvalen ut av ordførarstolen, men Kvalen har gjennom fire år opparbeidd stor popularitet. Ap måtte nøye seg med 26 prosent, ein tilbakegang på 5,6.
Sp tek mandat frå alle dei andre partia og får 13 av dei 25 plassane i kommunestyret. Ivar Kvalen var ein glad mann i kveld då 95 prosent av røystene var opptalde.
– Eg synest det er veldig spesielt, det har ikkje sokke heilt inn enno, det må eg seie. Det kan endre seg enno.
– Kva er det med deg og Senterpartiet i Luster?
Vi har gode folk i partiet, og vi dreg politikken i kommunen eit steg i rett retning kvar gong.
- Les også:
– Ikkje katastrofe, men...
Ordførarkandidat Arne Johannessen frå Ap må sjå i augene at resultatet ikkje vart som han hadde håpa på.
– No er det berre å gratulere Ivar på direkten. Valet er ikkje katastrofe for oss, men vi har ambisjonar, og vi likar å vere eit vinnarlag, og det er vi ikkje i kveld. Vi hadde håpa på å gjere det betre, men vi visste at å kjempe mot ein populær ordførar var ikkje lett.
Verst gjekk det ut over Framstegspartiet, som gjekk tilbake frå tre til eitt mandat. Partiet fekk berre 3,3 prosent av røystene, tilbake 8,8 prosentpoeng.
Her ser du valresultatet for Luster: