Isaac Loute - IKKJE RETT MANN: Isaac Loute hadde ikkje kvalitetane Sogndal var på jakt etter. - Foto: Sondre Dalaker / NRK

IKKJE RETT MANN: Isaac Loute hadde ikkje kvalitetane Sogndal var på jakt etter.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Må reise heim til Afrika

Isaac Loute har prøvespelt for Sogndal, men får ikkje kontrakt. No må han reise heim til Benin.

Isaac Loute har prøvespelt for Sogndal den siste tida. Men no er klubben komen fram til at han ikkje får kontrakt vidare, i følgje Sogn Avis.

19-åringen kjem frå det afrikanske landet Benin, og må no reise heim att.

Sportsleg leiar Trond Fylling seier til avisa at Loute ikkje hadde dei kvalitetane dei var på jakt etter.

– Han er ein god spelar, men me ønskjer oss ein litt meir utprega kantspelar som er god begge vegar. Isaac har ikkje så mange defensive fiber, så me har bestemt oss for å ikkje gå vidare med dette.

Loute har tidlegare sagt at han ønskte å bli verande i Sogndal.

Isaac Loute - MÅ HEIM: Isaac Loute kjem frå det afrikanske landet Benin. No må han reise heim att, sidan Sogndal ikkje ville ha han.

MÅ HEIM: Isaac Loute kjem frå det afrikanske landet Benin. No må han reise heim att, sidan Sogndal ikkje ville ha han.

Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.
I dag blei den siste biten av det ferjefrie vegsambandet frå Bremangerlandet til Svelgen opna. Og frå i dag er turen inn til kommunesenteret 4 mil kortare enn før og skjer tvers gjennom den vesle bygda Bortnen.