– Vi har no sett oss så leie på at vegen ikkje vart opna, av vi tok i bruk trakkemaskinene og brøytte det som stod igjen, seier dagleg leiar Idar Aaboen.
Det har vekt sterke reaksjonar at ikkje gamle Strynefjellsveg var brøytt opp, og opna til pinsehelga. Sundag føremiddag gjekk ordførar i Stryn, Sven Flo (H),
– Den forklaringa bør helst vere god, sa Flo til NRK.
Vanskeleg forhold
I Statens vegvesen avviser prosjektleiar Lars Erik Karlsen kritikken.
– Vi har lova opning til 1. juni, og det har vi også kommunisert til eigarane av Sommarskisenteret. Dersom forholda ligg til rette for det opnar vi før, men det har dei ikkje gjort så langt, seier Karlsen.
- Les også:
Han meiner forholda i helga var så dårlege at det uansett ikkje hadde vore forsvarleg å sleppe trafikk opp til Stryn sommarski.
– Det snøa så tett at brøytemannskapet ikkje såg hand for seg. Dei gjorde eit nytt forsøk laurdag, då hadde det lagt seg ein halv meter med snø i vegen, då var snøvêret så tett at dei måtte gi seg.
Meiner vegen kunne vore opna
– Eg er lei av det eg oppfattar som vrangvilje frå Statens vegvesen. For oss er det heilt avgjerande å kunne opne tidleg, blir det slik som dette kan vi likså godt pakke saman og legge ned skisenteret.
I natt brøytte dei sjølve opp det som stod igjen.
– Det vil seie, det står igjen ein lite bit der det framleis ikkje er svart asfalt. Det er eit stykke der brøytemannskapet ikkje hadde brøyta heilt ned på asfalten. Kanskje tar vi det i natt, vi får sjå seier Aaboen.
Fryktar vårflaumen
Den store frykta til Aaboen no er at Statens vegvesen ikkje grave ei skikkeleg grøft ved brua inn til sommarskisenteret.
– Der er det ganske trongt fram til fossen. Blir det ikkje grave ei skikkeleg grøft der kjem smeltevatnet til å følge vegen, og det ville vere ein katastrofe, seier Aaboen.