Hopp til innhold

Steinhard is knuste snøfresaren som ryddar veg - skiopning utsett

Hardpakka snø har øydelagt snøfresaren som skal rydde veg over gamle Strynefjellsvegen.

Stryn Sommarski

FÅR IKKJE OPNA: Håpet er å få opna Stryn sommarski laurdag. Det går dersom det nye brøyteutstyret held.

Foto: Emil Eriksson/Stryn Sommarski

– Det er ikkje kaos, men det er litt hektisk, seier Idar Aaboen som er dagleg leiar av Stryn Sommarski.

Dei skulle etter planen ha opna i dag, men vanskelege snøforhold har stoppa det.

– Det er eit islag i snøen som gjer at vi får problem. I går øydela vi drivakslingen på snøfresaren, seier Terje Samuelsen som er byggjeleiar.

Håpar på opning laurdag

Eit knallhardt lag med is gjer brøytinga av gamle Strynefjellsvegen vanskeleg. I går rauk den største snøfresaren, men i løpet av torsdagen er ein ny venta frå Odda. Samuelsen håpar likevel på opning laurdag.

Skal brøyte vegen

JOBBAR PÅ SPRENG: Entreprenøren har att 700–800 meter å brøyte før vegen til Stryn sommarski kan opnast.

Foto: Emil Eriksson/Stryn Sommarski

– Det er målet vårt. Vi har berre att 700 – 800 meter att å brøyte, inkludert parkeringsplassen, så det reknar eg med vi skal klare, seier Samuelsen.

For dei som jobbar ved Stryn Sommarski er det ikkje noko problem at vegen framleis er stengd, for dei brukar heisen opp og ned. Men Aaboen vedgår at det er utfordrande.

– Det kan du trygt seie. Dei som brøytar er uheldige med utstyret. Det er mykje hard snø. No håpar vi dei får ein ny fresar i løpet av dagen. I tillegg har dei ei gravemaskin som tar kantane.

For Stryn Sommarski er det, nok ein gong, problem med å få opna til den datoen som er sett.

– Det er beklageleg ryktemessig.Vi har problem med opningsdatoen, det er som eit spøkelse som øydelegg for oss kvart år.

Viktig å få opna

For omsetninga vedgår han at ei utsetting av opninga får konsekvensar.

– Vi treng kvar ei krone, så det får konsekvensar. Desse dagane har mykje å seie for oss omsetningsmessig, seier Aaboen.

Likevel håpar han på opning laurdag.

– Vi er veldig positive til laurdag. Det er berre det vesle stykket som er att. Berre dei får utstyret til å fungere, så trur eg det skal vere raskt gjort for dei har hatt ein fæla fart resten av vegen, seier Aaboen.

Når dei berre for opna, lova Aaboen uvanleg gode forhold.

– Det har komme ganske mykje nysnø i mai i fjellet, og seinast i går kveld snødde det. Det er meir snø i år enn dei to førre åra. Så for oss er det gledeleg å sjå at det er kald og fint i mai, seier Aaboen.