Hopp til innhold

Avsluttar jakta på eldpåsetjar i Vågsøy

Trass i omfattande etterforskingsarbeid, eldspåsetjinga ved Sør-Vågsøy kyrkje i fjor sommar blir lagt vekk.

Døra på kyrkja har fått skader av brannen

FLAKS: Berre flaks hindra ein storbrann då hovuddøra til Sør-Vågsøy kyrkje vart sett fyr på. No blir eldspåsetjinga lagt vekk.

Foto: Bjarne Eldevik

– Vi har gjort relativt omfattande teknisk og taktisk etterforsking, med hovudsakleg avhøyr av vitne som har vore i bybiletet i den aktuelle perioden. Vi har ingen mistenkte i saka, seier lensmann i Vågsøy, Nils Bakke.

Brann i kyrkjedøra

TENDE PÅ: Det vart nytta tennvæske i eldspåsetjinga.

Foto: Bjarne Eldevik

Det var natt til 4. juli i fjor at nokon nytta tennvæske då dei tende på inngangsdøra til den 108 år gamle trekyrkja. Flaks og nærleik brannstasjonen hindra ein storbrann, men kyrkja vart stengd i vel tre veker .

Mellom 30 og 40 personar er avhøyrde , i tillegg har politiet gjennomført ei omfattande rundspørjing i nabolaget til kyrkja. Funn på staden er analysert hos Kripos og telefontrafikken analysert .

No forfattar likevel lensmannen i Vågsøy brevet til politijuristen, der han ber saka bli lagt vekk.

– Det har vore ei vanskeleg og omfattande etterforsking, men det har vore lite observasjon i området på det tidspunktet, seier Bakke.

– Betyr ei vekklegging at saka aldri vil bli oppklara?

– Dersom vi seinare får mistanke til ein person, så kan vi ta saka fram att. I rimeleg nær framtid vil vi ha saka i minne, og kunne ta den fram att om det blir aktuelt.