Hopp til innhold

Sjekkar telefontrafikk i jakta på eldspåsetjar

Politiet i Vågsøy sjekkar no basestasjonar i Måløy i håp om å kome til botn av eldspåsetjinga ved Sør-Vågsøy kyrkje i sommar.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

LITE TIPS: Politiet har fått få tips etter eldspåsetjinga i Sør-Vågsøy kyrkje. – Og vi har hatt så pass mange saker at den ikkje har fått førsteprioritet. Men no har vi henta den fram att, seier lensmann Tormod Hvattum.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Det vart nytta tennvæske då inngangsdøra til kyrkja vart sett fyr på natt til 4. juli i år.

Politiet i Vågsøy har ikkje fått avgjerande tips i saka, og etterforskinga har førebels ikkje avdekka fingeravtrykk som kan føre dei nærare gjerningspersonen, eller personane.

– Vi vil analysere kva telefontrafikk som har vore, om det er kjende personar med same modus frå tidlegare som kan vere av interesse, seier lensmann Tormod Hvattum.

Ser på samanheng

Ingen såg sjølve eldspåsetjinga og politiet har førebels ikkje hatt mistenkte i saka. Avhøyr og analysar på åstaden har heller ikkje ført politiet nærare eldspåsetjaren.

Politiet har også søkt å finne ut om det kan vere samanheng mellom eldspåsetjinga i Vågsøy og ei tilsvarande hending nokre få veker seinare ved Domkirken i Bergen. Det arbeidet har dei ikkje gjeve opp.

– Det er noko som er høgst aktuelt, og som vi vil ta i betraktning når vi har fått gått igjennom telefontrafikken om ikkje så alt for lenge, seier Hvattum.